Ratingen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schloss Landsberg i Ratingen | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
---|---|
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Nordrhein-Westfalen Düsseldorf Mettmann |
Grunnlagd | Før 849 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
88,72 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
93 150 1 050/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 35-180 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 40878–40885 |
Telefon-retningsnummer | 02102 |
Bilnummer | ME |
Heimeside: www.ratingen.de |
Ratingen er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 95 000 innbyggjarar. Byen ligg i kreisen Mettmann i den nordvestlege delen av Berg, om lag 12 km nordaust for Düsseldorf.
[endre] Historie
Ratingen vart grunnlagd før 849. Sidan mellomalderen har Ratingen høyrt til grevane og seinare hertugane av Berg. 11. desember 1276 fekk Ratingen byrettar. Ratingen var ein av fire stader i Berg som opplevde ein økonomisk vekst på slutten av mellomalderen, men som stoppa opp under trettiårskrigen. I byrjinga av industrialderen byrja dei første fabrikkane å dukke opp i 1783. I 1815 vart Ratingen ein del av Preussen.
Etter relativt få skadar under den andre verdskrigen opplevde Ratingen ein vekst i 1960- og 1970-åra. Fleire internasjonale selskap (særleg innan IT-industrien) slo seg ned i byen, som Vodafone, Sun Microsystems, Hewlett-Packard, SAP, CEMEX, Tiptel og Esprit
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ratingen frå Engelsk Wikipedia .