See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Rasmus Løland - Wikipedia

Rasmus Løland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er føreslått at denne sida blir fletta med Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke. (Sjå evt. diskusjon)


Rasmus Løland (24. mai 186112. oktober 1907) var ein norsk forfattar, journalist, kritikar og omsetjar som skreiv på nynorsk. Løland gav ut fleire bøker, var i mange år journalist i avisa Den 17de Mai og var redaktør av Norsk Barneblad.

Løland er særleg kjend som barnebokforfattar. Han skreiv levande og moderne frå eit barneperspektiv.

[endre] Liv

Rasmus Løland var fødd på garden Løland på Sand i Ryfylke, og heldt seg der – første gongen han drog så langt som til Stavanger var han rundt tjue år. Familien var likevel vellesen, dei abonnerte på tidsskrifter og hadde fleire bøker. Foreldra var stillfarande og djupt religiøse.

På skulen gjorde Løland det godt, og i 1878 gjekk han amtskulen. Som ung hadde han drive med skogs- og gardsarbeid, men sjukdom gjorde at han måtte gjera mindre krevande arbeid, som å laga tiner og sopelimar. Helsa skulle plaga han heile livet, med veike lunger, hjarte, auge som ofte ikkje tålte sollys, og depresjonar.

I 1891, 30 år gammal, fekk Løland gjeve ut den fyrste boka si, Folkeliv. Året etter drog han til Bergen, og nokre år etter det gjekk han frå heimen i Suldal til Oslo.I slutten av 1890-åra hadde han reisestipend til Tyskland og Østerrike. I 1903 kjøpte han hus på Labråten i Asker og blei næraste nabo til Arne Garborg.

Løland døydde av tuberkulose, 46 år gammal, og blei gravlagd på Asker kyrkjegard. I 1911 blei det reist ein minnestein over Løland på Sand i Rogaland, i 1925 blei det reist eit minnesmerke på gravplassen hans. Det har ellers blitt utgitt fleire biografiar over Løland, både i 1938, 1961 og 2007, den siste av Ernst Berge Drange. Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke

[endre] Verkliste

Litteratur:

  • 1891 Folkeliv
  • 1892 Skuld. Forteljing
  • 1892 Ungar. Forteljingar
  • 1892 Paa sjølvstyr. Forteljing
  • 1893 Skattegravaren. Forteljing
  • 1894 Kor vart det av jola? Barneforteljing
  • 1895 Blodstyng og andre soger
  • 1895 Aandelige klenodier
  • 1895 Gamle ungkarar
  • 1895 I klemma
  • 1896 Emne
  • 1896 Nervesliten
  • 1896 Stevleik
  • 1897 Daudingehandi.Spelstykke
  • 1897 Hugtekne
  • 1897 Trollspel. Spelstykke i ei akt
  • 1989 Jordvend
  • 1899 Mannen som skulle stella heime
  • 1900 Det store nashornet
  • 1901 Ute og heime
  • 1902 Aasmund Aarak
  • 1904 Umskifte
  • 1905 Norsk eventyrbok
  • 1906 Kvitebjørnen
  • 1907 eventyr og dyresoger fraa alle land

Post mortem

[endre] Lenkjer ut

På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -