See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
R.E.M. - Wikipedia

R.E.M.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

R.E.M.
Konsert i Padova i Italia, 22. juli 2003. Frå venstre: Mike Mills, Michael Stipe, Bill Rieflin og Peter Buck.
Konsert i Padova i Italia, 22. juli 2003. Frå venstre: Mike Mills, Michael Stipe, Bill Rieflin og Peter Buck.
Land USA
Aktive år 1980
Sjanger Rock
Alternativ rock
College-rock
Selskap I.R.S. Records
Warner Bros
Internettside www.remhq.com
Medlemmer
Michael Stipe (vokal)
Peter Buck (gitar)
Mike Mills (bass)
Tidlegare medlemmer
Bill Berry (trommer)

R.E.M. er eit rockeband frå USA som vart danna i Athens i Georgia i USA i januar 1980 av vokalist Michael Stipe, gitarist Peter Buck, bassist Mike Mills og trommeslagaren Bill Berry.

Etter utgjevinga av debut-EP-en Chronic Town i 1982, gav bandet ut seks album på like mange år, frå Murmur i 1983 til Green i 1988. Den klare R.E.M.-lyden og dei kryptiske tekstane til Stipe hadde stor innflytnad på mange band, både skrangle-pop band på 80-talet og alternativ rock-band på 90-talet. Etter å ha oppnådd suksess på nytt plateselskap mot slutten av 80-talet og tidleg på 90-talet kunne bandet fronte sine eigne politiske saker på same tid som dei spelte på store arenaer verda over. Plater som Out of Time (1991) og Automatic for the People (1992) selde til platinum fleire gonger og vart godt tekne imot både av fans og kritikarar.

I 1997, etter at R.E.M. hadde signert ny kontrakt med plateselskapet sitt, Warner Bros, for rekordsummen 80 millionar dollar, forlét trommeslagar Bill Berry bandet. R.E.M. heldt fram med dei 3 attverande medlemmene. Etter ein del forandringar i musikkstil heldt bandet fram i det neste tiåret med blanda kommersiell suksess. Det til no siste albumet, Around the Sun, vart gjeve ut i 2004. I 2007 vart historia og innflytnaden til bandet heidra med plass i amerikanske Rock and Roll Hall of Fame. Det fyrste offisielle live-albumet deira, R.E.M. Live, vart gjeve ut 16. oktober 2007. Det nyaste studioalbumet deira, Accelerate, kom i mars 2008.

Innhaldsliste

[endre] Historia

[endre] Skiping og oppstart: 1980–1981

I januar 1980 møtte Michael Stipe Peter Buck i platebutikken i Athens i Georgia der Buck jobba. Dei to oppdaga at dei hadde like musikksmakar, spesielt når det gjaldt punkrock- og protopunk-artistar som Patti Smith, Television, og The Velvet Underground. Stipe sa at «det verkar som eg kjøpte alle platane som [Buck] hadde lagt av til seg sjølv».[1] Kort tid etter møtte Stipe og Buck medstudentane på University of Georgia, Mike Mills og Bill Berry, på ein fest.[2] Dei to hadde spela musikk saman sidan high school.[3] Kvartetten vart einige om å samarbeide om nokre songar, og Stipe har seinare sagt at «det var aldri nokon stor plan bak noko av det».[1] Bandet deira, som framleis ikkje hadde fått noko namn, brukte fleire månader på å øve inn den fyrste framsyninga si, som var 5. april 1980 på bursdagsfesten til ein kamerat i ei omgjord Episkopal-kyrkje. Etter å ha vurdert namn som «Twisted Kites», «Cans of Piss» og «Negro Wives», valde bandet til slutt «R.E.M.», som Stipe tilfeldig plukka ut frå ei ordbok.[4]

Bandmedlemmene slutta til slutt på skulen for å fokusere på gruppa si, som var i stadig utvikling.[5] Dei fann ein manager i Jefferson Holt, ein plateelskap-eigar som var så imponert over ein R.E.M.-konsert i heimbyen sin, Chapel Hill i Nord-Carolina, at han flytta til Athens.[6] Suksessen til R.E.M. i Athens og områda rundt kom omtrent på ein blunk; bandet trakk gradvis meir og meir folk til konsertane sine, og dette skapte noko forarging i musikkmiljøet i Athens.[7] I det neste halvanna året reiste R.E.M. rundt på turné i alle sørstatane i USA. Turneringa var vanskeleg sidan det ikkje eksisterte turneringsplanar for alternative rockeband på denne tida. Gruppa måtte turnere i ein gamal varebil som Holt køyrde, og bandmedlemmene levde på ein matrasjon til 2 USD dagen.[8] Sommaren 1981 spela R.E.M. inn den fyrste singelen sin, «Radio Free Europe», på produsent Mitch Easter sitt drive-in-studio i Winston-Salem i Nord-Carolina. «Radio Free Europe» vart utgjeven på det lokale plateselskapet, med eit fyrsteopplag på tusen eksemplar, som fort vart selde ut.[9] Trass i det avgrensa opplaget fekk singelen gode kritikkar frå større medium; det vart rangert som eitt av dei ti beste singlane i 1981 av The New York Times, og Village Voice gav han tittelen «Single of the Year» i Pazz & Jop-kritikaravstemminga det året.[10]

[endre] I.R.S. Records og kultsuksessen: 1982–1986

R.E.M. spela inn EP-en Chronic Town EP med Mitch Easter i oktober 1981, og denne var også planlagt utgjeven på Hib-Tone.[11] Men ein demo av den fyrste innspelinga deira med Easter hadde sirkulert i månadsvis, og I.R.S. Records fekk også tak i ein kopi.[12] Bandet tok ikkje i mot førskota frå RCA Records, eit større plateselskap, men valde i staden I.R.S., som dei signerte kontrakt med i mai 1982. Chronic Town vart utgjeven på I.R.S. i august same år, som den fyrste amerikanske utgjevinga til selskapet.[13] Ei positiv melding av EP-en vart publisert av NME, der det vart framheva at songane hadde ein aura av mysterium, og det vart konkludert med at «R.E.M. kling godt, og det er flott å høyre noko så lite framtvinga og utspekulert som dette».[14]

I.R.S. sette fyrst R.E.M. saman med produsent Stephen Hague for å spele inn debutalbumet, men det at Hague la så mykje vekt på teknisk perfeksjon gjorde at bandet ikkje var nøgde, og spurde difor plateselskapet om å få arbeide med Easter i staden.[15] I.R.S. gjekk med på ei «prøve»-økt der bandet fekk reise til Nord-Carolina att, og spele inn songen «Pilgrimage» med Easter og produsentpartneren hans Don Dixon. Etter å ha høyrt opptaket lét I.R.S. bandet spele inn albumet med Dixon og Easter.[16] Grunna den dårlege erfaringa med Hague, spela bandet inn albumet gjennom ein prosess der dei nekta å ha med klisjéar frå rockemusikken, som gitarsoloar eller dei då populære synthesizerane, dette for å gje musikken deira eit tidlaust preg.[17] Det ferdige albumet, Murmur, vart heidra med gode kritikkar ved utgjevinga i 1983, og musikkbladet Rolling Stone kåra albumet til den beste plata det året.[18] Albumet kom opp på 36. plass på bladet Billboard si albumliste.[19] Ei nyinnspeling av «Radio Free Europe» var hovudsingelen frå plata, og nådde 78. plass på Billboard si singelliste i 1983. Trass i den gode mottakinga frå publikum, sal Murmur berre i om lag 200 000 eksemplar, noko Jay Boberg på I.R.S. følte var under det ein kunne forvente.[20]

R.E.M. gjorde den nasjonale fjernsynsdebuten sin på Late Night with David Letterman i oktober 1983,[21] der gruppa framførte ein ny song utan namn.[22] Songen, som seinare er kalla «So. Central Rain (I’m Sorry)», vart den fyrste singelen frå det andre albumet deira, Reckoning (1984), som også vart innspela med Easter og Dixon. Dette albumet fekk også gode kritikkar, Mat Snow i NME skreiv at Reckoning «stadfestar at R.E.M. er ei av dei mest vedunderleg spennande gruppene på planeten».[23] Seint i 1983 starta bandet den fyrste Europa-turnéen sin. Medan Reckoning låg som nummer 27 på albumlistene i USA – ei uvanleg høg plassering for eit collegerock-band på den tida – gjorde lita speletid på radio og dårleg distribusjon utanfor USA til at plata ikkje kom høgare enn 91. plass i Storbritannia.[24]

Med det tredje albumet til bandet, Fables of the Reconstruction (1985), kom det fleire endringar. I staden for Dixon og Easter valde R.E.M. Joe Boyd til produsent for innspelinga som gjekk føre seg i England. Han hadde tidlegare arbeidd med mellom andre Fairport Convention og Nick Drake. Bandmedlemmene syntest øktene var uventa vanskelege, og var misnøgde grunna det kalde vintervêret og dårleg mat.[25] I denne perioden var bandet på nippen til å løyse seg opp.[26] Den dårlege stemninga under innspelingsøktene enda opp med å gje konteksten til albumet. Stipe byrja å lage tekstar med sørgotisk preg, og han sa i eit intervju i 1985 at han var inspirert av «heile idéen med dei gamle mennene som sit rundt bålet, medan dei fortel vidare … legender og fablar til borneborna».[27] Fables of the Reconstruction vart den mestseljande plata som var utgjeven i USA av I.R.S. til då. Men albumet gjorde det dårleg i Europa, og meldingane frå kritikarane var varierte, nokre meinte ho var kjedeleg og dårleg innspela.[28] Som med dei tidlegare platene, vart også singlane frå Fables of the Reconstruction for det meste oversette av dei fleste radiostasjonane. På same tid byrja I.R.S. å verte frustrerte over bandet sin motvilje mot å oppnå vanleg suksess.[29]

Til det fjerde albumet fekk R.E.M. tak i John Mellencamp sin produsent, Don Gehman. Resultatet, Lifes Rich Pageant (1986), var meir tilgjengeleg for lyttarar utanom collegeradioane, og Stipe sin vokal var nærare framgrunnen i musikken. I eit intervju med Chicago Tribune frå 1986 fortalde Peter Buck at «Michael vert betre på det han driv med, og han vert sikrare på det. Og det trur eg ein høyrer på stemma hans.»[30] Albumet hadde vesentleg betre salstal enn Fables of the Reconstruction, og enda til slutt på 21. plass på albumlista til Billboard. Singelen «Fall on Me» vart også spela på kommersiell radio.[31] Albumet var det fyrste av albuma deira som sal til gull, ved 500 000 eksemplar.[32] Medan dei amerikanske collegeradio-stasjonane heldt fram med å vere den viktigaste støtta til R.E.M., kom bandet høgare og høgare opp på dei vanlege album- og singellistene. Likevel ville stasjonane som berre spelar topp 40-musikk framleis ikkje spele musikken deira.[33] Etter suksessen med Lifes Rich Pageant, gav I.R.S. ut Dead Letter Office, ei samleplate med spor frå øktene med albuma, men mange av songane var også tidlegare berre utgjevne som b-sider eller ikkje i det heile. Kort tid etter sette I.R.S. saman alle musikkvideoane deira (utanom «Wolves, Lower») til den fyrste videoutgjevinga, Succumbs.

[endre] Gjennombrotet: 1987–1993

Don Gehman valde å ikkje produsere det femte albumet til R.E.M., og føreslo at gruppa burde arbeide med Scott Litt,[34] og Litt vart med det produsent for dei fem neste albuma til bandet. Document (1987) inneheld nokre av dei mest openbare politiske tekstane til Stipe, spesielt gjeld dette «Welcome To the Occupation» og «Exhuming McCarthy», som var reaksjonar på det konservative politiske miljøet på 1980-talet under president Ronald Reagan.[35] Jon Pareles i The New York Times skreiv i meldinga av albumet at «'Document' er både sjølvsikkert og trassig; dersom R.E.M. held på å gå frå kultstatus til større popularitet viser dette albumet at bandet vil klare det med sine eigne vilkår».[36] Document var albumet R.E.M. fekk gjennombrotet sitt med, og den fyrste singelen «The One I Love» kom inn på topp 20 i både USA, Storbritannia og Canada.[19] I januar 1988 vart Document det fyrste albumet deira som sal ein million eksemplar.[37] I lys av gjennombrotet erklærte bladet Rolling Stone R.E.M. som «America’s Best Rock & Roll Band» i desember 1987.[38]

Frustrerte over at albuma ikkje hadde god nok distribusjon utanfor USA, forlét R.E.M. I.R.S. då kontrakten deira gjekk ut, og signerte ein ny med Warner Bros. Records, eit større selskap.[39] I 1988 slapp I.R.S. samleplata Eponymous, som inneheldt dei fleste av singlane til bandet, i tillegg til fleire ukjende songar. Debuten på Warner Bros. frå 1988, Green, vart spela inn i Nashville i Tennessee og viste at gruppa eksperimenterte med lydbiletet sitt.[40] Spora på plata var alt frå den fyrste singelen «Stand» (ein stor suksess i USA),[41] til meir politisk materiale, som dei rockorienterte «Orange Crush» og «World Leader Pretend», som høvesvis handla om Vietnamkrigen og den kalde krigen.[42] Green har selt i fire millionar eksemplar verda over.[43] Albumet vart følgt opp med den største og mest visuelt utvikla turnéen bandet har hatt til i dag, mellom anna med kunstfilmar som vart avspela i bakgrunnen på scena.[44] Etter Green-turnéen avgjorde bandmedlemmene uoffisielt at dei ville ha ein pause det neste året, og dette var den fyrste lengre pausen i bandet si historie.[45]

R.E.M. kom tilbake i 1990 for å spele inn det sjuande albumet, Out of Time. I motsetnad til tidlegare album, inneheldt songane på dette albumet utradisjonelle rockeinstrument, som mandolin, orgel og akkustisk gitar.[46] Det kom i mars 1991, og var det fyrste albumet som både toppa listene i USA og Storbritannia.[19] Albumet sal til slutt 4,2 millionar berre i USA,[47] og om lag 12 millionar eksemplar på verdsbasis (fram til 1996).[43] Hovudsingelen frå albumet, «Losing My Religion», vart ein suksess verda over, og vart ofte spela på radio og vist på MTV.[48] «Losing My Religion» vart den høgast rangerte singelen til R.E.M. på listene i USA, med 4. plass på Billboard-lista.[19] «Det har vore svært få hendingar som har endra liva våre i karrieren vår, fordi alt har hendt gradvis», har Mills sagt seinare. «Dersom du vil snakke om endringar i livet, trur eg «Losing My Religion» er det næraste ein kjem».[49] Den andre singelen frå albumet, «Shiny Happy People» (ein av tre songar på albumet som hadde Kate Pierson frå Athens-bandet The B-52’s med som vokalist) vart også ein stor suksess, og nådde 10. plass i USA og 6. plass i Storbritannia.[19] Out of Time gav R.E.M. sju nominasjonar til Grammy Awards i 1992, det meste nokon artist fekk det året. Bandet vann tre av prisane, beste alternative musikkalbum og to for «Losing My Religion», beste korte musikkvideo og beste popframføring av duo eller gruppe med vokal.[50] R.E.M. hadde ingen turné for å promotere Out of Time, i staden spela dei inn fleire fjernsynsprogram, eit av dei til ein episode av MTV Unplugged.[51]

Etter ein pause på nokre månader vende R.E.M. tilbake til studioet i 1991 for å spele inn det neste albumet. Seint i 1992 kom albumet Automatic for the People. Sjølv om bandet ville lage eit album med hardare rock etter det mjuke Out of Time,[52] verka det alvorlege Automatic for the People «å gå endå lenger mot pine og grøssing», i følgje musikkavisa Melody Maker.[53] Albumet handla om tema som sakn og sorg, inspirert av «kjensla av … å fylle tretti», i følgje Buck.[54] På fleire av songane var strengeinstrumenta arrangerte av tidlegare bassist i Led Zeppelin, John Paul Jones. Automatic for the People vert rekna som det beste albumet til bandet, både av mange kritikarar og av Buck og Mills,[55] det kom opp på høvesvis fyrste- og andreplass på dei britiske og amerikanske salslistene, og singlane «Drive», «Man on the Moon» og «Everybody Hurts» kom på den amerikanske topp 40-lista.[19] Albumet sal om lag ti millionar eksemplar verda over.[43] På same måte som med Out of Time var det ingen turné for albumet. Dette, og korleis Stipe såg ut, fekk det til å oppstå rykte om at han var døyande, noko som vart sterkt tilbakevist av bandet.[53]

[endre] Monster og New Adventures in Hi-Fi: 1994–1996

Etter to plater på rad med roleg tempo, var Monster frå 1994, som Buck sa, «ei 'rock'-plate, med rock i hermeteikn». I kontrast til lydbiletet på dei føregåande platene, inneheldt musikken på Monster forvridde gitartonar, få overdubbingar og litt av stilen frå glamrocken frå 1970-talet.[56] I likskap med Out of Time, toppa Monster albumlistene i både USA og Storbritannia.[19] Plata sal om lag ni millionar eksemplar verda over.[43] Singlane «What’s the Frequency, Kenneth?» og «Bang and Blame» var dei siste topp 40-songane til bandet i USA, sjølv om alle singlane frå Monster – også singlane «Crush With Eyeliner» og «Tongue», som berre kom i Storbritannia – nådde topp 30 på dei britiske listene.[19]

I januar 1995 drog R.E.M. ut på den fyrste turnéen på seks år. Han vart ein stor kommersiell suksess, men denne tida var vanskeleg for gruppa.[57] 1. mars dette året kollapsa Berry på scena under ein konsert i Lausanne i Sveits. Det vart klart at han hadde fått ein hjerneaneurysme. Han vart operert med ein gong og var heilt frisk att etter ein månad. Aneurysmen Berry hadde var berre byrjinga på helseplagene som råka bandet under Monster-turnéen. Mills måtte gjennom bukkirurgi for å fjerne ein intestinal adhesjon i juli det året, og berre ein månad seinare måtte Stipe gjennom ein nødoperasjon for å få reparert ein brokk.[58] Trass i alle problema hadde gruppa spela inn mesteparten av det nye albumet medan dei var ute og reiste. Bandet hadde med seg åttesporsopptakarar for å ta opp konsertane, og brukte opptaka som grunnelement til albumet.[59] Etter å ha fullført turnéen var bandet i studio, og spela inn resten av albumet.

R.E.M. signerte på nytt kontrakt med Warner Bros. Records i 1996, til ein verdi av 80 millionar USD, som var ny rekord på dette tidspunktet.[60] New Adventures in Hi-Fi frå 1996 debuterte på andreplass i USA og fyrsteplass i Storbritannia.[19] Dei fem millionar eksemplara albumet sal var ein tilbakegang etter dei høge salstala dei fem siste åra.[61] Skribent i Time Christopher John Farley, meinte dei dårlege salstala skuldast den matte kvaliteten og dei minkande marknadskreftene til alternativ rock i det heile.[62] Same år skilde R.E.M. lag med manageren Jefferson Holt, etter skuldingar om seksuell trakassering frå ein av arbeidarane på kontoret deira i Athens.[63] Advokaten til gruppa, Bertis Downs, IV, tok på seg manageroppgåvene.

[endre] Berry sluttar og Up: 1997–2000

Michael Stipe på Glastonbury Festival i 1999
Michael Stipe på Glastonbury Festival i 1999

I april 1997 var bandet samla i feriehuset til Buck på KauaiHawaii for å spele inn demoar av materiale til det neste albumet. Bandet søkte ein nyskapande stil, og ville ha med trommesløyfer og eksperiment med slagverksinstrument.[64] Då opptaka skulle ta til i oktober hadde Berry avgjort, etter månader med ettertanke og diskusjonar med Downs og Mills, at han ville fortelje resten av bandet at han ville slutte.[65] Berry fortalde kameratane at han ikkje kom til å slutte dersom det førte til at bandet vart oppløyst, så Stipe, Mills og Buck vart einige om å halde fram med velsigning frå han.[66] Berry gjekk offentleg ut med avgangen sin tre veker seinare, i oktober 1997. Berry sa til pressa at «eg har berre ikkje lenger den entusiasmen eg hadde tidlegare når eg gjorde dette … Eg har den beste jobben i verda. Men eg er på ein måte klar til å lene meg tilbake og tenkje, og kanskje ikkje vere noka popstjerne meir.»[64] Stipe vedgjekk at bandet kom til å verte annleis utan den viktige bidragsytaren Berry var: «Med meg, Mike og Peter att som R.E.M., er vi framleis R.E.M.? Ein hund med tre føter er vel framleis hein hund. Han må berre lære seg å springe på ein annan måte.»[67]

Bandet avlyste opptaksøktene på grunn av at Berry slutta. «Utan Bill vart det annleis, forvirrande», har Mills seinare sagt. «Vi visste ikkje heilt kva vi skulle gjere. Vi kunne ikkje øve utan ein trommespelar.»[68] Dei attverande medlemmene i R.E.M. starta opp att arbeidet med albumet i februar 1998 i Toast Studios i San Francisco.[69] Bandet avslutta det ti år lange samarbeidet med Scott Litt, og fekk Pat McCarthy til å produsere plata. Nigel Godrich vart assisterande produsent, og fekk inn tidlegare Screaming Trees-medlem Barrett Martin og turnétrommisen til Beck, Joey Waronker. Innspelinga var prega av spenning, og gruppa var nær oppløysing. Bertis Downs kalla inn til krisemøte der medlemmene i bandet fekk teke opp problema sine og avgjort at dei ville halde fram som gruppe.[70] Etter singelen «Daysleeper», kom albumet Up (1998), som debuterte på topp 10 i både USA og Storbritannia. Likevel vart albumet relativt sett ein fiasko, med berre 900 000 selde eksemplar i USA ved midten av 1999, og til slutt rett over to millionar verda over.[47] Medan salstala i USA svikta, flytta den kommersielle basisen til R.E.M. seg til Storbritannia, der det vart selt fleire R.E.M.-plater per innbyggar enn i noko anna land, og singlane til bandet regelmessig var på topp 20.[71]

Eit år etter at Up kom ut, skreiv R.E.M. musikken til den biografiske filmen Man on the Moon om Andy Kaufman, og dette var den fyrste filmmusikken dei laga. Filmen fekk tittelen frå songen med same namn frå Automatic for the People.[72] Songen «The Great Beyond» vart utgjeven som ein singel frå filmmusikk-albumet til filmen, Man on the Moon. «The Great Beyond» kom berre til 57. plass på dei amerikanske poplistene, men vart den høgast rangerte singelen bandet nokon gong har hatt i Storbritannia, med ein tredjeplass i år 2000.[19]

[endre] Reveal og Around the Sun: 2001–2005

R.E.M. spela inn størsteparten av det tolvte albumet Reveal (2001) i Canada og Irland frå mai til oktober 2000.[73] Reveal hadde same «dystre stemning» som Up,[74] og hadde med Joey Waronker på trommer, i tillegg til bidrag frå Scott McCaughey (som hadde starta bandet The Minus 5 med Buck) og han som hadde starta Posies, Ken Stringfellow. Salet av plata til saman over heile verda var over fire millionar, men i USA sal Reveal omtrent det same som Up.[75] Albumet kom etter singelen «Imitation of Life», som kom opp på ein 6. plass på listene i Storbritannia.[76] For internettsida Rock’s Backpages, skildra Al «The Rev.» Friston albumet som «fylt med gylden herlegdom i kvar skru og sving», i motsetnad til «hovudsakleg lite overtydande arbeid på New Adventures in Hi-Fi og Up».[77] På same måte kalla Rob Sheffield Reveal for «ei andeleg fornying med røter i ei musikalsk ei» i bladet Rolling Stone og rosa den «forbløffande venleiken som ikkje sluttar».[78]

I 2003 gav Warner Bros. ut samlealbumet In Time: The Best of R.E.M. 1988-2003, som også hadde med to nye songar, «Bad Day» og «Animal». Same år dukka Berry overrraskande opp under ein R.E.M.-konsert i Raleigh i North Carolina, der han song støttevokal på songen «Radio Free Europe». Sidan sette han seg bak trommesettet for å spele til den tidlege songen «Permanent Vacation». Dette var den fyrste gongen han opptredde sidan han slutta i bandet.[79]

R.E.M. gav ut Around the Sun i 2004. Under produksjonen av albumet i 2002, sa Stipe at «[albumet] høyrast ut som det tek av frå dei siste platene og kjem til tidlegare uoppdaga R.E.M.-territorium. På ein måte er det primitivt og brølande».[80] Etter at albumet hadde kome ut, sa Mills: «Eg trur ærleg talt at tempoet på albumet vart seinare enn det vi ville, når ein tenkjer på den vanlege farten.»[81] Around the Sun fekk blanda mottaking av kritikarane, og nådde 13. plass på Billboard-listene.[82] Den fyrste singelen frå albumet, «Leaving New York», var på topp 5 i Storbritannia.[83] Til plata og den etterfølgjande turnéen leigde bandet inn ein ny trommespelar på heiltid, Bill Rieflin, som tidlegare hadde vore med i bandet Ministry. Seint i 2004 var R.E.M. på turné med Bruce Springsteen, Pearl Jam, Bright Eyes og andre under «Vote for Change» i høve det amerikanske presidentvalet det året. I 2005 drog bandet ut på den fyrste verdsturnéen med full lengde sidan turnéen i høve plata Monster ti år tidlegare. Under turnéen deltok dei også på London-konserten til Live 8.

[endre] Accelerate: 2006–i dag

EMI, som i dag eig plateselskapet I.R.S., gav ut ei samleplate med dei beste av R.E.M. sine verk på deira plateselskap i september 2006, med namnet And I Feel Fine... The Best of the I.R.S. Years 1982-1987. DVD-en When the Light Is Mine: The Best of the I.R.S. Years 1982-1987 kom ut på same tid. Same månaden spela alle dei fire opphavlege bandmedlemmene under seremonien då dei vart med i Georgia Music Hall of Fame.[84] Medan dei øvde til seremonien, spela bandet inn ein coverversjon av «#9 Dream» av John Lennon til plata Instant Karma: The Amnesty International Campaign to Save Darfur, eit tributtalbum til inntekt for Amnesty International.[85] Songen, som også vart utgjeven som ein singel i samband med albumet og kampanjen, var den fyrste studioinnspelinga til Bill Berry med bandet sidan han slutta, nesten ti år tidlegare.[86] I oktober 2006, det fyrste året dei var valbare til det, vart R.E.M. nominerte til å vere med i Rock and Roll Hall of Fame.[87] Bandet var eitt av fem nominerte som vart tekne med det året, og seremonien gjekk føre seg 12. mars 2007 på Waldorf-Astoria Hotel i New York. Gruppa, som vart innsette av vokalist i Pearl Jam, Eddie Vedder, framførte fire songar saman med Bill Berry.[88]

Arbeidet med det fjortande albumet til gruppa, Accelerate, byrja tidleg i 2007. Bandet starta innspelinga saman med produsent Jacknife Lee i Vancouver og Dublin, der dei spela fem kveldar mellom 30. juni og 5. juli i Olympia Theatre, som ein del av ei «øving til arbeidet». Medan det var snakk om datoane, sa Stipe at «å vende tilbake til Dublin for konsertøvingane våre denne sommaren gjev oss den gode starten vi treng til arbeidet med det neste albumet vårt», og at han «[planlegg] å slå til [med dette]». [89] R.E.M. Live, det fyrste livealbumet til bandet, med opptak frå ein konsert i Dublin i 2005, kom i oktober 2007.[90]

[endre] Musikkstil

I eit intervju frå 1988 skildrar Peter Buck ein typisk R.E.M.-song slik: «Musikk i moll, middels rask, gåtefull, delvis folk-/rock-/balladestil. Det er er det alle meiner, og det er til ein viss grad sant.»[91] Alle songane er krediterte heile bandet, sjølv om enkelte av medlemmene nokre gonger har skrive størsteparten av ein song.[92] Alle medlemmene er med og avgjer i denne prosessen, men Buck har vedgått at Stipe, som er tekstskrivar, sjeldan kan overtydast til å følgje opp ein idé han ikkje er einig i.[53] Før Berry slutta føregjekk gjerne prosessen på ein spesiell måte; Stipe skreiv tekstane og tenkte ut melodiane, Buck flytta bandet til nye musikalske retningar, og Mills og Berry finjusterte komposisjonane grunna den større musikalske erfaringa deira.[93]

Michael Stipe syng i «klagande, skarpe, krummande vokaltonar» som biografiskrivaren David Buckley samanlikna med keltiske folkmusikk-artistar og ein muslimsk mujahid.[94] Stipe harmoniserer ofte med Mills i songane, til dømes i refrenget på «Stand», der Mills og Stipe byttar på å synge teskten, slik at det vert ein dialog mellom dei.[95] Tidlege artiklar om bandet fokuserte ofte på syngemåten til Stipe (skildra som «mumlande» av The Washington Post), som ofte gjorde tekstane hans uforståelege.[96] Skribent i bladet Creem, John Morthland skreiv i musikkmeldinga av Murmur, at «eg anar framleis ikkje kva desse songane handlar om, fordi verken eg eller nokon andre eg kjenner nokon gong har vore i stand til å oppfatte tekstane til R.E.M.»[97] Stipe kommenterte i 1984 at «det er berre måten eg syng på. Dersom eg prøvde å kontrollere det, ville det verte ganske falskt».[98] Produsent Joe Boyd overtala Stipe til å byrje å synge tydelegare under innspelinga av Fables of the Reconstruction.[99]

Stipe insisterte på at mange av dei tidlege tekstane hans var «tull», og sa på ein Internett-chat i 1994, at «de veit alle at tekstane til mange av dei tidlege songane ikkje har ord i seg sjølv. Eg kan ikkje eingong hugse dei.» Sanninga er at mange av dei tidlege R.E.M.-songane hadde tydeleg innhald som Stipe skreiv med omtanke.[100] Stipe forklara i 1984 at då han byrja å skrive songtektar var dei som «enkle bilete», men etter eit år var han lei av denne måten å skrive på og «byrja å eksperimentere med tekstar som ikkje hadde nøyaktige lineære tydingar, og sidan har det utvikla seg frå det.»[98] På midten av 1980-talet, etter kvart som Stipe sin uttale når han song vart tydelegare, avgjorde bandet at songane deira skulle formidle innhaldet sitt meir bokstavleg.[101] Mills forklara: «Etter at ein har laga tre plater, ein har skrive fleire songar og tekstane har vorte betre og betre, måtte det neste skrittet vere å få nokon til å spørje, meiner de verkeleg noko med dei? Og Michael hadde på det punktet sjølvtillit nok til å svare ja på det spørsmålet…»[102] Mellom anna omhandla songar som «Cuyahoga» og «Fall on Me» på plata Lifes Rich Pageant problem, som ureining.[103] Stipe tok med meir politikkorienterte emne i tekstane på Document og Green. «Den politiske aktivismen vår, og innhaldet i songane var berre ein reaksjon på kvar vi var og kva som var rundt oss, og dette var berre elende», sa Stipe seinare. «I 1987 og 1988 var det ikkje noko anna å gjere enn å vere aktiv.»[104] Medan Stipe heldt fram med å skrive songar med politiske tema på denne tida, som «Ignoreland» og «Final Straw», har seinare album fokusert på andre ting. Automatic for the People omhandla «mortalitet og det å døy. Ganske svulstige saker», i følgje Stipe,[105] medan Monster kritiserte kjærleiken og populærkulturen.[104]

Måten til Peter Buck å spele gitar på har av mange vorte trekt fram som det mest karakteristiske aspektet i musikken til R.E.M. På 1980-talet skreiv britiske musikkjournalistar at den «sparsame, arpeggio-baserte, poetiske» stilen minna dei om det amerikanske folkrock-bandet The Byrds frå 1960-talet.[106] Buck har uttala at «[Gitarist i The Byrds,] Roger McGuinn var ei stor inspirasjonskjelde for meg når eg spela gitar».[107] Gitarspelet hans vart også samanlikna med Johnny Marr, som spela i alternativ rock-bandet The Smiths på same tid. Då Buck hevda han var tilhengar av gruppa, vedgjekk han at han tidlegare hadde kritisert bandet berre fordi han var lei av at tilhengarane spurde han om han var påverka av Marr.[92] Buck mislikar generelt gitarsoloar, og han forklarte dette i 2002: «Eg veit at når gitaristane går inn i desse tøffe soloane, så vert folk ville, men eg skriv ikkje songar som passar til det, og eg er ikkje interessert i det. Eg kan gjere det dersom eg må, men eg likar det ikkje.»[108] Mike Mills si melodiske tilnærming til basspeling er inspirert av Paul McCartney og Chris Squire i bandet Yes. Han har sagt at han «alltid spela melodisk bass, som pianobass på ein måte … Eg ville aldri spele på den tradisjonelle måten».[109] Mills har meir erfaring med musikk enn dei andre i bandet, noko han har sagt «gjorde det enklare å gjere abstrakte musikalske idéar om til røyndom».[107]

[endre] Kampanjar og aktivisme

Gjennom karrierene sine har medlemmene i R.E.M. prøvd å få sosiale og politiske saker fram i lyset. I følgje avisa Los Angeles Times, er R.E.M. rekna for å vere ei av dei «mest liberale og politisk korrekte rockegrupppene» i USA.[110] Medlemmene er «på same side» politisk, og deler eit liberalt og progressivt utsyn.[111] Mills har vedgått at det av og til er usemje mellom bandmedlemmene om kva saker dei skal støtte, men sa at «av respekt for den eller dei som er ueinige pleier dei diskusjonane å vere private, også fordi vi ikkje vil la folk få vite kvar skilnadene mellom oss ligg, så dei kan utnytte det til sine eigne formål». Eit døme på dette er at Buck i 1990 sa at Stipe arbeidde med organisasjonen People for the Ethical Treatment of Animals, men at resten av bandet ikkje gjorde det.[112]

R.E.M. har fått inn pengar til fond innanfor miljø, feminisme og menneskerettar, og har vore involvert i kampanjar for å støtte opp om registrasjon av nye røystarar ved val. Under Green-turnéen tok Stipe reg tid til å informere publikumet om ulike viktige sosialpolitiske spørsmål.[113] På slutten av 1980-åra og i 1990-åra brukte bandet (spesielt Stipe) i aukande grad mediedekninga si på nasjonalt fjernsyn til å nemne mange saker dei meinte var viktige. Eit døme på dette er då bandet var med på MTV Video Music Awards i 1991, og Stipe hadde på seg kvite skjorter med påskrifter som «regnskog», «kjærleiken kjenner ingen fargar» og «kontroll av pistolar no».[114] R.E.M. fekk auka merksemd rundt Aung San Suu Kyi og brot på menneskerettane i Burma då dei arbeidde med ulike fridomskampanjar.[115] Bandet var med på Vote for Change-turnéen i 2004, der dei som var med ville mobilisere dei amerikanske veljarane til å støtte den demokratiske presidentkandidaten John Kerry.[116] Det at dei politiske haldingane til R.E.M. kjem frå eit rikt rockeband som har kontrakt med eit multinasjonalt plateselskap, har fått kritikk frå nokre hald. Tidlegare redaktør i bladet Q, Paul Du Noyer, kritiserte «kjendisliberalismen» til bandet, og sa: «Det er ei heilt smertefri opprørsform dei har. Det er ingen risiko i henne i det heile teke, men ganske mykje framvising av lojalitet overfor kundane. Og når eg høyrer uttrykka dei brukar for å seie kor lite dei likar valet av George W. Bush [til president i USA], høyrer eg berre kor dei demokratiske teddybjørnane kjem ut av kotta sine.»[117]

Sidan seint i 1980-åra har R.E.M. vore involvert i lokalpolitikken i heimbyen Athens i Georgia.[118] Buck forklarte i 1987 til bladet Sounds at «Michael seier alltid «tenk lokalt og handle lokalt» – vi har gjort mange ting i byen vår for å prøve å gjere han til ein betre stad».[119] Bandet har ofte donert pengar til lokale velgjerande formål, og hjelpt med oppussing og å ta vare på historiske bygningar i byen.[120] Valet av Gwen O’Looney til borgarmeister to gonger i 1990-åra vert skulda R.E.M. sin politiske innverknad.[121]

[endre] Diskografi

[endre] Studioalbum

[endre] EP-ar

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Nettstader

[endre] Litteratur

  • Fletcher, Tony: Remarks: The story of R.E.M. (Omnibus, 1989)
  • Buckley, David: R.E.M.: Fiction: An Alternative Biography (Virgin, 2002)
  • Fletcher, Tony: Remarks Remade: The Story of R.E.M (Omnibus, 2002)
  • Gray, Marcus: It crawled from the South: an R.E.M. companion. (Guinness, 1992)
  • Rosen, Craig: R.E.M.: Inside Out: The Stories Behind Every Song. (Thunder's Mouth Press, 1997)
  • Black, Johnny: Reveal: The Story of R.E.M. (Backbeat Books, 2004)
  • Platt, John (red.): The R.E.M. Companion: Two Decades of Commentary (Schirmer, 1998)
  • Sullivan, Denise: Talk About the Passion: R.E.M.: An Oral Biography (Underwood-Miller, 1994)

[endre] Kjelde

  • Artikkelen er basert på «R.E.M.» frå Wikipedia på engelsk

[endre] Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Gumprecht, Blake: «R.E.M.» i Alternative America, vinteren 1983.
  2. Holdship, Bill: «R.E.M.: Rock Reconstruction Getting There» i Creem, september 1985.
  3. Buckley, s. 30
  4. Buckley, s. 39
  5. Erlewine, Stephen Thomas. «R.E.M > Biography». Allmusic.com.
  6. Buckley, s. 41
  7. Buckley, s. 46
  8. Buckley, s. 53–54
  9. Sullivan, s. 27
  10. Gray, s. 497
  11. Buckley, s. 59
  12. Buckley, s. 61–63
  13. Buckley, s. 66–67
  14. Grabel, Richard: «Nightmare Town» i NME, 11. desember 1982.
  15. Buckley, s. 72
  16. Buckley, s. 78
  17. Buckley, s. 78–82
  18. Buckley, s. 73
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 19,5 19,6 19,7 19,8 19,9 Buckley, s. 357–58
  20. Buckley, s. 95
  21. Gray, s. 432
  22. Gray, s. 434
  23. Snow, Mat: «American Paradise Regained: R.E.M.’s Reckoning» i NME, 1984.
  24. Buckley, s. 115
  25. Buckley, s. 131–32
  26. Buckley, s. 135
  27. «Interview with R.E.M.» i Melody Maker, 15. juni 1985.
  28. Buckley, s. 140
  29. Buckley, s. 159
  30. Popson, Tom: «Onward and Upward and Please Yourself» i Chicago Tribune, 17. oktober 1986.
  31. Buckley, s. 151
  32. Fletcher, s. 142
  33. Buckley, s. 160
  34. Fletcher, s. 146
  35. De Muir, Harold: «There’s No Reason It Shouldn't Be A Hit» i East Coast Rocker, 10. juli 1987.
  36. Pareles, Jon (13. september 1987). «R.E.M. conjures dark times on 'Document'». The New York Times.
  37. Fletcher, s. 157
  38. Buckley, s. 163
  39. Buckley, s. 174
  40. Buckley, s. 179
  41. Buckley, s. 180
  42. Buckley, s. 183
  43. 43,0 43,1 43,2 43,3 Fletcher, s. 296
  44. Buckley, s. 184
  45. Buckley, s. 198
  46. Buckley, s. 209
  47. 47,0 47,1 Buckley, s. 287
  48. Buckley, s. 205
  49. Buckley, s. 204
  50. Pareles, Jon (26. februar 1992). «Cole’s 'Unforgettable' Sweeps the Grammys». The New York Times.
  51. Buckley, s. 213
  52. Buckley, s. 216
  53. 53,0 53,1 53,2 Fricke, David: «Living Up to Out of Time/Remote Control: Parts I and II» i Melody Maker, 3. oktober 1992.
  54. Buckley, s. 218
  55. Buckley, s. 217
  56. Buckley, s. 236
  57. Buckley, s. 248
  58. Buckley, s. 251–55
  59. Buckley, s. 256
  60. Buckley, s. 258
  61. Buckley, s. 269
  62. Farley, Christopher John (16. desember 1996). «Waiting for the Next Big Thing». Time.
  63. DeRogatis, Jim (Hausten 1996). «New Adventures in R.E.M.». Request.
  64. 64,0 64,1 Longino, Miriam: «R.E.M.: To a different beat the famed Athens band becomes a threesome as drummer Bill Berry leaves to 'sit back and reflect'» i Atlanta Journal-Constitution, 31. oktober 1997.
  65. Buckley, s. 276
  66. Buckley, s. 280
  67. Buckley, s. 280
  68. Black, s. 232
  69. Black, s. 233
  70. Buckley, s. 286
  71. Buckley, s. 292
  72. «R.E.M. To Score 'Man On The Moon'». VH1.com (1. mars 1999).
  73. Black, s. 248–49
  74. Buckley, s. 303
  75. Buckley, s. 310
  76. Buckley, s. 305
  77. Friston, Al «The Rev.»: «REM: Reveal (Warner Bros.)» i Rock’s Backpages, desember 2001.
  78. Sheffield, Rob (1. mai 2001). «R.E.M.: Reveal». RollingStone.com.
  79. MTV News staff (14. oktober 2003). «For The Record: Quick News On Hilary Duff, JC Chasez And Corey Taylor, Mary J. Blige, Deftones, Marilyn Manson & More». MTV.com.
  80. Devenish, Colin (6. september 2002). «R.E.M. Get Primitive». RollingStone.com.
  81. Graff, Gary (11. september 2006). «R.E.M. Bringing Back The Rock On New Album». Billboard.com.
  82. Cohen, Jonathan (5. september 2006). «R.E.M. Plots One-Off Berry Reunion, New Album». Billboard.com.
  83. «It’s a Prydz and Stone double top». NME.com (3. oktober 2004).
  84. «R.E.M. inducted into Music Hall of Fame». USAToday.com (17. september 2006).
  85. Grossberg, Josh (14. mai 2007). «R.E.M. Back in the Studio». EOnline.com.
  86. Cohen, Jonathan (12. mars 2007). «Original R.E.M. Quartet Covers Lennon For Charity». Billboard.com.
  87. Ryan, Joal (30. oktober 2006). «R.E.M., Van Halen Headed to Hall?». EOnline.com.
  88. Cohen, Jonathan (13. mars 2007). «R.E.M., Van Halen Lead Rock Hall’s ’07 Class». Billboard.com.
  89. «REM begin recording new album». NME.com (24. mai 2007).
  90. Cohen, Jonathan (21. august 2007). «R.E.M. Preps First Concert CD/DVD Set». Billboard.com.
  91. Halbersberg, Elianna: «Peter Buck of R.E.M.» i East Coast Rocker, 30. november 1988
  92. 92,0 92,1 The Notorious Stuart Brothers: «A Date With Peter Buck» i Bucketfull of Brains, desember 1987.
  93. Buckley, s. 85
  94. Buckley, s. 87
  95. Buckley, s. 180–81
  96. Sasfy, Joe: «Reckoning with R.E.M.» i The Washington Post, 10. mai 1984.
  97. Morthland, John: «R.E.M.: Murmur» i Creem, juli 1983.
  98. 98,0 98,1 Platt, John: «R.E.M.» i Bucketfull of Brains, desember 1984.
  99. Buckley, s. 133
  100. Buckley, s. 88
  101. Buckley, s. 143
  102. Buckley, s. 150
  103. Buckley, s. 156–57
  104. 104,0 104,1 Olliffe, Michael: «R.E.M. in Perth» i On the Street, 17. januar 1995.
  105. Cavanagh, David: «Tune in, cheer up, rock out» i Q, oktober 1994.
  106. Buckley, s. 77
  107. 107,0 107,1 Buckley, s. 81
  108. Buckley, s. 80
  109. Buckley, s. 105
  110. Philips, Chuck: «R.E.M.’s Former Manager Denies Allegations Of Sex Harassment» i Los Angeles Times, 21. juni 1996.
  111. Buckley, s. 155
  112. Buckley, s. 197
  113. Buckley, s. 186
  114. Buckley, s. 195–96
  115. «Bands back Burma activist Suu Kyi». BBC.co.uk (22. september 2004).
  116. Tyrangiel, Josh (3. oktober 2004). «Born to Stump». Time.
  117. Buckley, s. 299
  118. Buckley, s. 192
  119. Wilkinson, Roy: «The Secret File of R.E.M.» i Sounds, 12. september 1987.
  120. Buckley, s. 194
  121. Buckley, s. 195
R.E.M.
Michael Stipe | Peter Buck | Mike Mills | Bill Berry
Diskografi
Studioalbum: Murmur (1983) | Reckoning (1984) | Fables of the Reconstruction (1985) | Lifes Rich Pageant (1986) | Document (1987) | Green (1988) | Out of Time (1991) | Automatic for the People (1992) | Monster (1994) | New Adventures in Hi-Fi (1996) | Up (1998) | Reveal (2001) | Around the Sun (2004) | Accelerate (2008)
EP-ar: Chronic Town (1982) | Not Bad for No Tour (2001)
Samlealbum: Dead Letter Office (1987) | Eponymous (1988) | The Best of R.E.M. (1991) | Singles Collected (1994) | In the Attic (1997) | In Time (2003) | And I Feel Fine (2006)
Andre album: Man on the Moon (1999) | r.e.m.IX (2002) | R.E.M. Live (2007)
Filmar
Succumbs (1987) | Tourfilm (1990) | Pop Screen (1991) | This Film Is On (1991) | Parallel (1995) | Road Movie (1996) | In View (2003)| Perfect Square (2004) | When the Light Is Mine (2006)
Tilknytte artiklar
Athens i Georgia | Alternativ rock | Hindu Love Gods | The Troggs | Athens Andover | I.R.S. Records | Warner Bros. Records | Hib-Tone | Homer the Moe


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -