See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Ródos by - Wikipedia

Ródos by

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ródos by
Hamna i Rhodos
Hamna i Rhodos
Plassering
Ródos by (Hellas)
Ródos by
Ródos by
Styresmakter
Land
Periferi
Prefektur
Hellas Hellas
Dei sørlege egeiske øyane
Dodekanesane
Grunnlagd 408 fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By

19,5 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik
 - Storbyområde

54 802
  2 810/km²
80 000
Koordinatar 36°26′0″N 28°13′0″EKoordinatar: 36°26′0″N 28°13′0″E
Høgd over havet 0-25 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 851 00
Telefon-retningsnummer 22410
Bilnummer PON, POP
Heimeside: www.rhodes.gr


Ródos by (gresk: Ρόδος) er hovudstaden på øya Ródos i Dodekanesane i Hellas. Han er óg hovudstad i prefekturet Dodekanesane og storbyområdet har om lag 80 000 innbyggjarar. Rodos har vore kjend sidan antikken for Kolossen på Rhodos, eit av dei sju underverka. Festningen på Ródos, bygd av maltesarordenen, er ein av dei best bevarte middelalderbyane i Europa og kom i 1988UNESCO si verdsarvliste. Ródos by er ein populær turistdestinasjon.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Gata til riddarane i mellomalderbydelen.
Gata til riddarane i mellomalderbydelen.

Byen Rhodos ligg på den nordaustlegaste enden av øya og dannar ein trekant frå nord til sør. Han er den kommunen på øya med minst areal, men den mest folkerike. Han grenser til Egearhavet i nord, aust og vest med kommunane Ialysos og Kallithea i sør.

[endre] Historie

Øya Rhodos ligg langs transportvegane mellom Europa, Midtausten og Afrika. Dette har gjeve byen og øya mange forskjellige identitatar, kulturar, arkitektur og språk gjenom den lange historien. Plasseringa ved ein av dei store sjørutene har gjeve Rhodos ein særs rik historie. Øya har vore busett sidan år 4000 fvt.[1]

Rhodos by vart grunnlagd i 408 fvt. av byane Ialyssos, Kamiros og Lindos.[1] Dei neste tre hundreåra opplevde byen sine gullår. Sjøhandel, skipsbygging og fordomsfrie politikarar gjorde byen svært velståande fram til romartida. Mellom 304 og 294 fvt. vart Kolossen på Rhodos, eit av dei sju underverka i antikken, bygd av skulptøren Hares.[1] Arbeidet tok 12 år og statuen stod ferdig i 282 fvt.. Statuen representerte solguden Helios, som stod ved inngangen til hamna. Den antikke byen hadde eit godt utbygd kloakksystem, i tillegg til vassforsyning teikna av Hippodamus. Eit kraftig jordskjelv råka Rhodos rundt år 226 fvt., øydela byen og velta Kolossen.[1] Dei neste åtte hundreåra låg han i ruinar før han vart seld til jødisk kjøpmann, visstnok for 900 kamelar, for å få han bort.

[endre] Den romerske perioden

I 164 fvt. vart Rhodos ein provins i Romarriket.[2] I denne perioden utvikla byen seg til eit utdanningssenter innan kunst og vitskap. Ein kan framleis sjå mange spor etter romarane i byen. I følgje Apostelgjerningane (Apg 21:1) vitja Paulus Rhodos nær slutten av den tredje misjonærreisa hans.

[endre] Riddarperioden

Gate i gamlebyen.
Gate i gamlebyen.

Riddarane i Maltesarordenen erobra Rhodos og oppretta hovudkvarteret sitt her. Dei hadde forlatt Italia etter forfølgjinga av Tempelriddarane i 1307. Pave Clement V stadfesta ordenen sitt eigarskap over øya i 1309. Riddarane vart verande på øya dei neste to hundreåra, og plaga den muslimske skipsfarten i området.

Etter Konstantinopel sitt fall i 1453 byrja Det osmanske riket ei rask utviding og i 1480 invaderte Sultan Mehmet Rhodos. Det tyrkiske åtaket vart slått tilbake og tyrkarane forlot øya. Tapet stogga ein samtidig invasjon av Italia av dei osmanske styrkane, og hindra kanskje ein mogeleg muslimsk kontroll over Vest-Europa.

Etter det osmanske tapet i 1480 styrka stormeistaren Fabrizio Del Carreto festningane i byane. Då han døydde i 1521 hadde Rhodos eit av dei sterkaste festningsverka i verda. Riddarane gjekk stadig til åtak på muslimske kjøpmenn, noko som førte til at sultan Suleiman den store starta ei ny omleiring av Rhodos i 1522.

Dei mindretalige riddarane forsvarte seg godt og utførte store tap på osmanarane. I desember 1522 vart det gjort ein avtale mellom riddarane og Suleiman om at riddarane skulle få forlate byen med all rikdomen dei kunne bære. Til gjengjeld skulle ikkje innbyggjarane straffast på noko vis og dei måtte få halde på kristendomen sin. 1. januar 1523 reiste riddarne frå øya og etterlot ho til osmansk kontroll.

[endre] Den italienske perioden

Gate i gamlebyen
Gate i gamlebyen

I 1912 tok italienske troppar over øya i lag med resten av Dodekanesane og etablerte ein italiensk koloni kalla Isole Italiane del Egeo i 1923.[3]

Italienarane øydela seinare husa som vart bygd på og rundt bymurane under den osmanske perioden. Dei gjorde óg jødiske og osmanske gravstader om til grøne soner rundt mellomalderbyen.[3] Italienarane tok vare på det som var att etter riddartida og øydela alle osmanske bygningar. Dei rekonstruerte óg palaseet til stormeistaren av riddarane.[3]

[endre] Kjelde


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -