Produksjonssystem
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit produksjonssystem (eller produksjonsregelsystem) er eit kunstig intelligens-basert dataprogram som hovudsakleg er satt saman av ei mengd med åtferdsreglar. Desse reglane vert kalt produksjonar og er ein enkel representasjon som gjerne vert nytta i automatisk planlegging, handlingsval og spesielt i ekspertsystem.
Produksjonar har to delar: ein sansemessig føresetnad (eller "VISS"-utsegn) og ei handling (eller "SÅ"-utsegn). Viss produksjonen sin føresetnad passar saman med verdstilstanden vert produksjonen utløyst (triggered). Når ein regel vert utført, seier ein at han er avfyrt.
Eit produksjonssystem gir dei naudsyne mekanismane for å utføre slike produksjonsreglar for å nå eit mål: ein database, ofte kalt arbeidsminne, som handsamer informasjon om noverande tilstand, og ein regeltolkar som vha. mønstergjenkjenning kan finne ut kva for reglar sine føresetnader som passar noverande tilstand, og kan prioritere reglar ved konfliktar (når meir enn ein regel passar tilstanden).
[endre] Sjå óg
RETE-algoritmen, ein mønstergjenkjenningsalgoritme nytta i regeltolkarar
[endre] Eksterne lenkjer
Ofte spurte spørsmål om regelmotorar frå regelmotor.no