Kunstig intelligens
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kunstig intelligens (KI eller AI) er ein grein av informatikk som tek føre seg intelligent åtferd, læring og tilpassing i maskinar. Slike maskinar, som automatiserer oppgåver som skal kreve intelligent åtferd, kan t.d. vere kontrollsystem, automatisk planlegging, ekspertsystem som skal kunne diagnostisere problem eller svare på kundespørsmål; dei kan inkludere talegjenkjenning, skriftgjenkjenning og andletsgjenkjenning.
Feltet har stor overlapp med datalingvistikk og kognitiv vitskap, i tillegg har mykje av det som no er reikna som "standard informatikk" sitt opphav innafor kunstig intelligens, t.d. stifinningsalgoritmar i grafar.
Andre felt som har vore viktige for kunstig intelligens er filosofi (spesielt sinnsfilosofi og logikk), matematikk, spelteori, økonomi, nevrovitskap, lingvistikk (spesielt semantikk), psykologi (spesielt kognitiv psykologi), kontrollteori og kybernetikk.
[endre] Retningar
KI vert normalt delt opp i to retningar: konvensjonell / symbolsk KI og syntetisk intelligens.
Symbolsk KI er óg kjent som Good Old Fashioned AI (GOFAI) eller logisk KI, og baserer seg på logisk formalisme, maskinlæring og statistisk analyse. Nokre metodar innafor denne retninga er:
- ekspertsystem
- fallbasert resonnering
- bayesiske nettverk
- åtferdsbasert KI
Syntetisk intelligens, óg kjent som scruffy AI, konneksjonisme eller komputasjonell intelligens, baserer seg på iterativ utvikling og empirisk læring. Nokre metodar er:
- Nevrale nettverk
- Fuzzy logikk: teknikkar for resonnement ved usikker informasjon
- Genetiske algoritmar (GA)
- Svermintelligens
- Kunstig liv
Hybridsystemer og systemintegrering, basert på ein kombinasjon av symbolsk og syntetisk KI, vert sett på som ein lovande retning av dei som vonar på "ekte KI". Nokre av desse metodane, som til dømes nevrale nettverk og genetiske algoritmar vert òg syuderte innan digital signalhandsaming.
[endre] Historie
John McCarthy, oppfinnaren av programmeringsspråket Lisp, var den første til å nytte termen kunstig intelligens (artificial intelligence), ved Dartmouth-konferansen i 1956, kor mange av pionérane møttest og utveksla idéar. I 1950 fant Alan Turing på ein måte å operasjonalisere intelligens vha. eit imitasjonsspel, det som vart kjent som Turingtesten [1].