Pistoia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Plassering | |||
---|---|---|---|
|
|||
Styresmakter | |||
Land Region Provins |
Italia Toscana Pistoia |
||
Borgarmeister | Renzo Berti | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
236 km² |
||
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
92 267 391/km² |
||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 65 m | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 51100 | ||
Telefon-retningsnummer | 0573 | ||
Nettstad: www.comune.pistoia.it |
Pistoia er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Pistoia i regionen Toscana og har om lag 90 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 30 km vest og nord for Firenze.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Pistoria (stundom òg Pistorium eller Pistoriae på latin) var eit senter for dei gallarar, ligurarar og etruskarar før han vart ein romersk koloni på 500-talet fvt., langs den viktige vegen Via Cassia. I 62 fvt. vart demagogen Catiline og tilhengarane hans slakta i nærleiken. Frå 400-talet vart byen eit bispesete og under langobardane vart han ein kongeleg by med fleire privilegiar. Gullalderen til Pistoia starta i 1177 vart staden erklært ein fri kommune og dei neste åra vart han eit viktig politisk senter, det vat reist bymurawr og fleire offentlege og religøse bygg.
I 1254 mista ghibellinarane i Pistoia makta til guelfarane i Firenze. Pistoia vart verande under Firenze bortsett frå ein kort periode på 1300-talet då Castruccio Castracani erobra han for Lucca. Han vart offisielt annektert til Firenze i 1530. På 1300-talet var Ormanno Tedici ein av herrane i byen.
I 1786 vart eit kjend jansenisme-råd halde i Pistoia.
Dante nemnde byen i Divina Commedia som heimstaden til Vanni Fucci, som ein møter i Inferno samanfiltra i ein knute av slangar med han forbanner Gud.
Pistoia har gjeve namn til pistolen[1], som vart produsert her på 1500-talet. I dag er han derimot mest kjend for dei mange hagane som ligg rundt byen og blomstermarknaden.
[endre] Fotnotar
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Pistoia» frå Engelsk Wikipedia, den 9. januar 2008.