Pedaltone
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pedaltonar er dei aller djupaste tonane ein kan spela på messingblåseintrument. Namnet stammar frå dei store orgel der dei største pipene med djupe tonar vert spela med føtene (latin:pedes).
Ei vanleg tenortrombone er stemt i B med grunnstone B(store B). Ved å dra ut sliden kan ein senka tonehøgda til E(store E). Men dette dreier seg om andre tone i naturtonerekka, eller andre harmoniske. Ved å slappa meir av i leppene kan ein spela på grunntonen i naturtonerekka, eller første harmoniske. Dette gir trombonisten mulighet til å spela tonane frå B1 ned til E1, og desse tonane vert då kalla pedaltoner.
Pedaltonane vert relativt sjeldan brukt; på trompet så godt som aldri. Det er dog nokså vanleg på tuba, og særleg på basstrombone.