Peberholm
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peberholm er ei kunstig øy i Danmark, laga sør for Saltholm i Øresund. Peberholm vart konstruert til bruk i Øresundssambandet mellom Amager og Skåne, og dannar sambandet mellom tunnelen under Drogdenrenna og Øresundbrua i aust.
Øya er ca. 4 km. lang og ca. 3 km² stor og er bygd av lausmassar gravd opp frå botn i Øresund i samband med anleggsdrifta. Totalt gjekk det med 1,6 millionar tonn stein og 6 millionar kubikkmeter sand og mass frå havbotn til bygginga av øya.
På øya er det bygd ein jernbanestasjon som gjer det mogeleg å pense toga over frå det eine sporet til det andre.
Øya fekk namnet sitt som eit resultat av ein konkurranse i avisa Politiken, og har naturlegvis samanheng med naboøya Saltholm.
[endre] Natureksperiment
Anlegget av øya er òg ein del av eit natureksperiment. Det vert ikkje sådd gras eller anna vegetasjon på øya, og det er meninga at planteveksten skal skje ved naturlig spredning av frø. Ytterlegare håper ein at kanskje svært gamle planter skal kunne etablere seg, sidan dei kan ha overlevd i mange millionar år i mudderet på havbotn. For eit større mangfald av planter, har ein òg lagd nokre basseng, og små høgder. Øya er derfor under stadig overvaking av biologar.
Fram til juni 2006 er det registrert 440 planteartar på øya, 14-16 hekkande fuglearter, og ei mengd innsekt, mellom anna fleire sjeldne.
Sjølv om fleire ulike treslag har spirt, vil det aldri kunne danne seg skog på øya, sidan jordsmonnet er for tørt.
[endre] Habitat for giftig edderkopp
I juli 2005 vart det oppdaga ein edderkopp med det latinske navn Tegenaria Agrestis på øya. Edderkoppen er svært sjelden i både Danmark og Sverige, og vart første gang oppdaga i Norden i Jylland i 2003. Edderkoppen er giftig for menneske, og sjølv om dei ikkje er dødeleg, kan dei føre til kraftige vevskadar og vanskeleg lækjande sår. Ingen i Europa er enno vorte biten av edderkoppen, men i USA har han skapt store problem.