See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Påskeopprøret i 1916 - Wikipedia

Påskeopprøret i 1916

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Påskeopprøret frå 1916 har stadig sterk symbolkraft. Her blir kvinner frå opprøret framstilt i eit nordirsk veggmåleri.
Påskeopprøret frå 1916 har stadig sterk symbolkraft. Her blir kvinner frå opprøret framstilt i eit nordirsk veggmåleri.

Påskeopprøret i 1916 var eit namngjete men militært mislykka opprør mot det britiske styret i Irland, som tok til påskemåndagen 24. april 1916, og varte i seks dagar.

Det var ein del av gruppa Irish Volunteers under læraren og advokaten Padraig Pearse og Irish Citizen Army under arbeidarleiaren James Connolly som denne dagen tok nøkkelposisjonar i Dublin med makt og proklamerte ein irsk republikk uavhengig av Storbritannia frå trappa på Hovudpostkontoret.

Oppreisten var i stor grad planlagd av organisasjonen Irish Republican Brotherhood (IRB), der Pearse òg var medlem. IRB-medlemmer, militante republikanarar, det vil i den irske samanhengen seie sjølvstendeforkjemparar som ikkje såg bort frå bruk av våpen i kampen for eit fritt Irland, hadde gått inn i Irish Volunteers og fått meir eller mindre kontroll over delar av denne legale halvmilitære organisasjonen.

IRB sin plan støtte på vanskar da det viste seg at James Connolly, som leidde ei gruppe væpna sosialistiske fagforeiningsfolk dei kalla Irish Citizen Army, og ikkje visste om IRB-planen, heldt på å setje igang sin eigen oppreist. IRB-leiarane møtte Connolly og fekk han til å slutte seg til deira opprørsplan i staden. Dei vart samde om å gå til aksjon den kommande påska.

Leiaren for Irish Volunteers, Eoin MacNeill, var imot planen om væpna oppstand, og da han fekk greie på kva som var tenkt, sytte han for at kontra-ordre gjekk ut, og mange færre møtte såleis opp da opprøret starta.

Planen var å ta strategiske bygningar i Dublin og så forsvare seg mot dei britiske styrkane dei visste vil gå til åtak på dei. Hovudkvarteret skulle vere Hovudpostkontoret, der mellom andre Pearse, Connolly og ein ung kaptein ved namn Michael Collins skulle opphalde seg.

MacNeill sin sabotasje hindra alle områda utanfor Dublin i å slutte seg til oppreisten, og kommandoen av dei aktive opprørarane kom til å liggje under sosialisten Connolly, som viste seg å vere ein god militær leiar. Sjølv etter han var alvorleg såra, kommanderte Connolly opprørsstyrkane frå ei militær seng han vart boren rundt i.

Britane konsentrerte seg først om å sikre området rundt Dublin Castle, maktsenteret for det britiske styret i Irland, og å isolere det republikanske hovudkvarteret i Hovudpostkontoret. Så lét dei kanonbåten Helga skyte granatar inn over store delar av Dublin, noko som brende ned store område av byen. Dei hadde omlag 4500 britiske soldatar og 1000 loyalistiske politimenn, mot ca 1250 opprørarar. Etter at opprørarane barrikaderte seg i Hovudpostkontoret vart dei skotne på med kanonar. Etter seks dagar kom opprørsleiarane fram til at meir motstand ville vere nyttelaus og berre føre til fleire sivile tap. Pearse gav ordre om at alle avdelingar skulle overgi seg.

Omlag 3000 mistenkte sympatisørar med opprøret vart arresterte av britane, og 15 opprørsleiarar vart avretta ved skyting, inkludert alle dei sju som hadde skrive under sjølvstende-erklæringa. Mellom dei som vart avretta, var den allereie dødeleg såra James Connolly, som vart skoten fastspend til ein stol fordi han var ute av stand til å stå på beina.

Opprørarane hadde lite støtte i folket på det tidspunktet. Dei vart av mange sedde på som eventyrarar som skadde sjølvstendesaka. Men avrettingane var starten på ein snunad i folkemeininga i landet. Det vesle partiet Sinn Fein fekk auka oppslutnad, sjølv om det ikkje hadde vore med på oppstanden, fordi britane og avisene skulda dei for å stå bak. Overlevande opprørarar, under leiing av Eamon de Valera, gjekk inn i Sinn Fein og fekk kontroll over partiet. Da britane prøvde å innføre britisk verneplikt i Irland i 1918, fekk det no radikalt republikanske Sinn Fein fleirtalet på si side, og partiet vann ein stor siger ved valet i desember dette året. Dei fleste av dei valde irske representantane møtte ikkje i parlamentet i London, men i staden i Dublin, der dei proklamerte den irske republikken den 21. januar 1919, med Eamon de Valera som president.

Påskeopprøret var nok dømt til militært nederlag, og leiarane ante truleg dette. I så fall var det eit medvite offer dei gjorde, for å setje igang ein prosess som kunne gi Irland fridom og sjølvstende. Oppstanden er eit viktig ledd i landet si historiske utvikling, og somme ser påskeopprøret i 1916 som den verkelege starten på det sjølvstendige Irland, ikkje den anglo-irske avtalen frå 1922, som førte til skipinga av Den irske fristaten (frå 1948 Republikken Irland) men òg til delinga av landet, med dei seks nordaustlege fylka framleis ein del av Det sameinte kongedømmet. Fram til 1921 raste den blodige anglo-irske krigen. Irsk fridom frå Storbritannia har sanneleg ikkje komme av seg sjølv.

Dei som vart avretta av dei britiske styresmaktene etter påskeopprøret var:

  • Patrick Pearse
  • Thomas J. Clarke
  • Thomas MacDonagh
  • Joseph Mary Plunkett
  • Edward Daly
  • William Pearse
  • Michael O'Hanrahan
  • John MacBride
  • Eamonn Ceannt
  • Michael Mallin
  • Cornelius Colbert
  • Sean Heuston
  • Sean MacDermott
  • James Connolly
  • Thomas Kent
  • Sir Roger Casement

Den irske diktaren William Butler Yeats skreiv eit dikt kalla Easter 1916, der han tok opp korleis desse personane som ein kunne ha ymse syn på føre påskeopprøret, liksom vart omskipa i omdømmet til mange irar etterpå:

«I write it out in a verse:
MacDonagh and MacBride
and Connolly and Pearse,
Now and in time to be,
Wherever green is worn,
Are changed, changed utterly:
A terrible beauty is born».


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -