Operahuset i Sydney
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Operahuset i Sydney (Sydney Opera House) ligg i Sydney, New South Wales i Australia, og er ein av dei mest serprega og berømte bygningar frå 1900-talet, og eit av de mest berømte arenaer for kunstnarlege oppføringar i verda.
Operahuset er teikna av den danske arkitekten Jørn Utzon og er plassert på Bennelong Point i hamna i Sydney, med ein park i sør og nær den enorme brua Sydney Harbour Bridge. Bygningen og omgjevnadene er eit ikon for Australia. For nokon minner dei runde skjell-seksjonane om ein flåte av kvite seglskip som ofte er å sjå i hamna i Sydney.
Operahuset i Sydney har omtrent 1000 rom, inkludert fem teatersalar, fem øvelsesstudioar, to hovudhallar, fire restaurantar, seks barar og tallrike suvenirbutikkar.
Taket er konstruert av 1 056 000 kvit-glaserte granittfliser, importert frå Sverige. Til tross for sjølvrensande natur treng dei periodisk vedlikehald. Interiøret er komponert av lyseraud granitt importert frå Tarana, New South Wales, og tre og kryssfiner kjem frå nordlege New South Wales.