Nytt på nytt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nytt på nytt er ein norsk variant av det britiske satireprogrammet Have I Got News For You, som vert laga av produksjonsselskapet Hat Trick. Programmet har vore sendt på NRK1 kvar fredagskveld, vår og haust, sidan 9. april 1999. Det er blitt eitt av dei mest sette fjernsynsprogramma med over 1,3 millionar sjåarar.
Programmet er ein konkurranse mellom to lag som kvar har to deltakarar, der kvart lag skal løyse flest mogleg oppgåver som har med nyhende frå den siste veka å gjera. Konkurransemomentet er lite – det er humoren som er det viktige i programmet.
Programleiar for Nytt på nytt er Jon Almaas. Faste deltakarar med kvart sitt lag er Knut Nærum og Linn Skåber, som erstatta Anne-Kat. Hærland hausten 2007. I tillegg har kvart lag ein kjendisgjest.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Nettstad for Nytt på nytt på nrk.no