Nynorsk kultursentrum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stiftinga Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting som arbeider for nynorsk skriftkultur i gjensidig samarbeid med Ivar Aasen-instituttet i Volda. Stiftinga eig og driv Ivar Aasen-tunet, og gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt. Høgdepunktet er Dei Nynorske Festspela i slutten av juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen.
19 fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar, kulturinstitusjonar og organisasjonar står bak stiftinga: Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Sunnmøre Museum, Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta kommune, Høgskulen i Volda, Volda kommune, Møreforsking Volda, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Vestmannalaget, Universitetet i Bergen, Møre Folkehøgskule, Universitetet i Tromsø, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Hordaland fylkeskommune og Universitetet i Oslo.
Stiftinga vart skipa 31. august 1993 og er organisert med eit styre og eit råd.
[endre] Nynorsk leksikon
Eit prosjekt Nynorsk kultursentrum driv med er å få laga til eit nynorsk leksikon. På heimesida www.aasentunet.no vert prosjektet drege fram som viktig. Oppsummeringa er at i fleire år har det vore brei semje i nynorskmiljøa om at eit nynorsk leksikon på Internett er det nye viktige tiltaket for å styrkja nynorsk skriftkultur.