See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Naturalismen - Wikipedia

Naturalismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Naturalismen var ein kunstretning innan realismen som gjekk ut på å skildra verda så naturleg og uromantisk som råd. Han er kjend for å ta opp negative tema og sjå verda i eit pessimistisk lys. I Noreg var retningen særleg framtredande i 1880-åra. Naturalistisk kunst frå denne tida viste på same måte naturlege, upynta motiv, gjerne frå kvardagslivet til vanlege folk. Motiva skulle gjenskapast med nær fotografisk presisjon, og kunstverka hadde som mål å forklara sosiale og psykologiske fenomen.

Innhaldsliste

[endre] Opphav

Omgrepet naturalisme hadde opphav i Frankrike, der Zola i forordet til Thérèse Raquin kalte romanen for eit laboratorium der kjenslemekanismane blei utprøvde. Romanen var med andre ord ein stad der ein kunne studera dei biologiske og psykologiske reaksjonane til mennesket. Perioden var òg preget av Darwin sine tankar om mennesket som eit utvikla vesen. Hans Origin of Species kom ut på dansk i 1872, og den biologiske styringa av menneske blei teken opp i mange romanar på denne tida, til dømes Mogens af J.P. Jacobsen, som hadde omsett boka til Darwin.

[endre] Litteratur

Dei naturalistiske forfattarane prøvde ikkja å setta problem under debatt, slik dei realistiske hadde gjort noko tidlegare. I staden sette dei inn eit einsidig åtak på alt dei mente var gale i samfunnet. Medan realismeforfattarane meinte at ein kunne ta opp problem og diskutera seg fram til ei løysing innanfor samfunnet slik det var, ønska naturalistane å rive ned samfunnsrammene og erstatta dei med noko nytt.

Optimismen som prega dei realistiske forfattarane blei avløyst av djup pessimisme hjå naturalistane. Dei hadde inga tru på at endring var mulig. Når naturalistene skreiv, brukte dei få eller ingen bilder — verka deira skulle vera ei sakleg, tørr framstilling, utan antydningar. Nokre skribentar skjerpa krava til realisme ved å skildra dei verste skuggesidene av livet med klare deterministiske trekk.

Flaubert i ein karikaturteikning der han dissekerer romanfiguren sin, Madame Bovary.
Flaubert i ein karikaturteikning der han dissekerer romanfiguren sin, Madame Bovary.

Mennesket som blir skildra i den naturalistiske diktinga er eit produkt (resultat) av arv og miljø:

  • Det miljøet du er fødd i, vil prega deg for alltid, og du vil alltid bli i dette miljøet.
  • Født fattig — alltid fattig.

Naturalismeforfattarane gjekk til sterke angrep på:

[endre] Kjende forfattarar

Norske

Franske

  • Honoré de Balzac
  • Gustave Flaubert

Russiske

  • Lev Tolstoj
  • Anton Tsjekhov

[endre] Kjelder


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -