Nålebinding
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nålebinding er ein handarbeidsteknikk. Ein brukar ei flat nål av bein eller tre, og tråd av ull. Ein nålebind ved å laga ei løkke og drage nål og tråd gjennom. Knuten som vert danna vert ikkje stramma, men dannar den neste løkka. Ein nålebind oftast i ull, avdi ein skøytar på ein ny tråd ved toving.
Nålebinding gir eit meir slitesterkt resultat enn strikking, men er noko meir tidkrevjande.
Teknikken kan mellom anna brukast til å laga sokkar og vottar.
Arbeid laga i nålebinding kan likna hekling, hakking, pjoning eller strikkearbeid .
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
- Bernhard's Nadelbinden - Instruksjon på tysk, engelsk og nederlandsk.
- [1]