Multiplikasjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Multiplikasjon, å ganga, er ein av dei grunnleggjande rekneartane innan aritmetikken. Ved multiplikasjon gangar ein saman to (eller fleire) faktorar til eit produkt. Symbol for multiplikasjon er og *, men jukstaposisjon er også vanleg.
Eit enkelt døme er at 5 * 4 = 5 + 5 + 5 + 5 = 20. Multiplikasjon med eit inverst tal er det same som divisjon. Døme: 6 * 1/3 = 2.
Meir generelt er multiplikasjon den binære operasjonen til ei ikkje nødvendigvis abelsk gruppe; den er assosiativ og har eit identitetselement normalt skrive som "1" . I tillegg har alle element x inverse element 1/x. Denne generelle definisjonen dekker ikkje det faktum at vanleg multiplikasjon er ein kortvariant av fleire likelydande addisjonar etter kvarandre, ei heller at vanleg multiplikasjon er kommutativ.