See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Moses - Wikipedia

Moses

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Moses av den spanske målaren José de Ribera
Moses av den spanske målaren José de Ribera

Moses (gjennom gresk frå hebraisk) eller Moshé (hebraisk משֶׁה [mo:'še]) eller Musa (arabisk موسىٰ ['mūsā]]), son av Amram og hans kone Jochebed. Legendarisk hebraisk frigjerar, leiar, lovgivar, profet og historikar. Moses er i Bibelen den personen som reknast som israelittanes befriar frå trelldomen i Egypt og som leiaren deira den tida dei var i ørkenen. Han blir rekna som ein av dei viktigaste personane både i jødedommen, kristendommen og islam.

Bibelen og dei bibelske tolkingstradisjonane seier at Moses levde ca 1200 f.Kr., og livet og verket hans blir skildra frå 2. til 5. mosebok.

[endre] Moses i Bibelen

Moses er ein av dei viktigaste personane i Bibelen, siden han mottok instruksar om israelittanes religion og den lova som blei kjend som Moselova. Ifølge den hebraiske bibel og Det gamle testamentet var Moses den som leia israelittane ut av fangenskapet i Egypt, og mottok Dei ti bod frå Gud på Sinaifjellet. Han fekk også openberra israelittanes religiøse lovar og seremoniar. Toraen inneheld livshistoria til Moses og hans folk inntil hans død, 120 år gammal.

Moses utvikla doktrinen om monoteisme, som ikkje var vanleg på den tida. Dette blei nedskrive som det første bodet. Han blir rekna som profet i alle dei tre monoteistiske verdsreligionane — jødedom, kristendom og islam.

Moses blei fødd på ei tid der den regjerande egyptiske faraoen hadde kommandert at alle guteborn som blei fødd av ein israelitt i egyptisk fangenskap skulle druknast i Nilen. Moses' mor la derimot sonen i ei korg av sivstrå som ho lét drive nedover Nilen. Da dottera åt farao var ute og bada, fekk ho sjå korga med den litle guten i og tok han til seg. Moses voks så opp ved faraos hoff. Som ung mann så han ein dag korleis ein av faraos soldatar mishandla ein israelittisk arbeidar, og Moses blei sint og slo soldaten i hel. Han fekk hjelp til å skjule liket, men måtte etter dette flykte ut i ørkenen og leve i skjul der.

Tradisjonen seier at Moses var godt over 80 år da han fekk ei openberring og ei oppgåve: å føre israelsfolket ut av fangenskap i Egypt og tilbake til «det lova landet».

På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -