See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Mont Ventoux - Wikipedia

Mont Ventoux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mont Ventoux
Nordsida av toppen av Mont Ventoux
Nordsida av toppen av Mont Ventoux
Høgd over havet 1 909 moh
Ligg i/på Frankrike Frankrike
Fjellkjede Ytterkanten av Alpane
Koordinatar 44°10′N 5°17′EKoordinatar: 44°10′N 5°17′E

Mont Ventoux er eit fjell i Provence sør i Frankrike, om lag 20 km nordaust for Carpentras i Vaucluse. Fjellet har ei høgd på 1 909 meter over havet, og er det klart største fjellet i området, og har vorte kalla «Giganten i Provence». Fjellet ligg på grensa til departementet Drôme.

«Venteux» tyder «vindfull» på fransk, og det kan verte svært vindfullt på toppen, særleg i episodar med mistralvind då ein har registrert vind opp mot 320 km/t (89 m/s). Vegen over fjellet vert ofte stengd på grunn av kraftig vind. Det opphavleg namnet meiner ein går tilbake til det første eller andre hundreåret fvt., då det heitte 'Vintur' etter den galliske fjellguden, eller 'Ven-Top', som tyder «snøkledd topp» på det gamle galliske språket. På 900-talet dukka namna Mons Ventosus og Mons Ventorius opp.

Mont Ventoux er geologisk ein del av Alpane, men vert ofte ikkje rekna som ein del av fjellkjeda, sidan det ikkje er andre høge fjell i område rundt. Det står aleine vest for Luberonkjeda, og like aust for Dentelles de Montmirail. Toppen av fjellet er bar kalkstein utan vegetasjon. Den kvite kalkesteinen gjer at fjellet ser snøkledd ut året rundt (men snødekket varer vanlegvis berre frå desember til april). På ein klår dag kan ein sjå fjellet frå lang avstand, og frå toppen har ein eit glimrande utsyn over omgivnadane og Rhônedalen.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Fjellet vart først kjend då Petrarch vandra til toppen i 1336, noko han skreiv om i eit brev til faren. Dette brevet vert sett på som eit av dei tidlegaste produkta frå renessansen og humanismen, sidan fjellturen var inspirert av eit ordskifte i Livy sin Historien til Roma. Petrarch vert rekna som grunnleggaren av alpinisme, sidan han uttrykte eit ynskje om å klatre til toppen av Mont Ventoux berre for å nyte utsikta. Han klatra fjellet 26. april i lag med bror sin og to andre. Han kjende området godt sidan han budde i Avignon frå 1333 til 1349.

1400-talet vart det bygd eit kapell på toppen, tileigna Korset. I 1882 vart det bygd ein vêrstasjon på toppen, men denne er ikkje lenger i bruk, og i 1960-åra vart det reist eit 50 meter høgd radiotårn her.

[endre] Plante og dyreliv

Mont Ventoux sett frå Mirabel-aux-Baronnies
Mont Ventoux sett frå Mirabel-aux-Baronnies

Fjellet var opphavleg skogkledd, men vart systematisk avskoga på 1100-talet fordi skipsverfta i hamnebyen Toulon krevde tømmer. Enkelte område har vorte gjenplanta etter 1860 med forskjellige lauvtre (som steineik og bøk) i tillegg til forskjellige bartre, som seder og lerketre. Litt høgare er einer vanleg.

Fjellet er ein del av artsgrensa eller økotonen for dyre- og plantelivet i nordlege og sørlege delar av Frankrike. Enkelte artar, inkludert nokre artar av edderkopp og sommarfugl, er unike for Mont Ventoux. Det er òg ein stad der ein kan sjå slangeørn.

Det biologiske særpreget vart erkjend av UNESCO i 1990 då «Réserve de Biosphère du Mont Ventoux» vart grunnlagd, eit verna område på 810 km² på og rundt fjellet.

[endre] Sykling

Minnesmerke for Tom Simpson på Mont Ventoux
Minnesmerke for Tom Simpson på Mont Ventoux

Vegen opp Mont Ventoux er eit av dei mest krevande fjella i sykkelrittet Tour de France, og det har vorte nytta tretten gonger sidan 1951. Fjellet vart verdskjend då den engelske syklisten Tom Simpson mista livet her 13. juli 1967 i ein kombinasjon av amfetamin, alkohol og heteslag. Han byrja å sjangle langs vegen før han ramla. Han var i villrede og fekk hjelp av publikum til å kome seg på sykkelen igjen, som han sykla til han var om lag ein halv kilometer frå toppen, der han kollapsa og fall død om, framleis festa til pedalane. Det vart funne amfetamin i sykkeltrøya og i blodet hans. I 1970, kollapsa nesten Eddy Merckx her då han vann etappen. Han fekk tilført oksygen etter målgong, vart betre, og vann til slutt heile rittet. Den sisten vinnaren på Ventoux er den franske klatrespesialisten Richard Virenque.

[endre] Bakgrunnstoff

Commons har multimedia som gjeld: Mont Ventoux


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -