Amfetamin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amfetamin er ei væske. Det vert ofte omdanna til amfetaminsulfat, som er eit fast stoff.
Stoffet er eit alkaloid som første gong vart syntetisert i 1887.
Amfetamin frigjev noradrenalin og dopamin i nervevev.
Kortsiktige effektar av bruk kan vera senka apetitt, auka sexlyst, auka fysisk energi, hyperaktivitet, auka kroppstemperatur, auka puls og hovudverk.
Langsiktige effektar kan vera rystelsar, endra sovevanar, svekka immunforsvar, impotens, hjerteproblem og fallande nyre/lungefunksjon.