Modellorganisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein modellorganisme er ein art som vert studert inngåande og grundig for å læra om generelle biologiske prosessar. Ein tenkjer seg vidare at resultata frå denne forskinga kan gje ein peikepinn om korleis desse fenomena generelt går føre seg. Modellorganismar vert nytta i høve der det hadde vore uetisk å eksperimentera på menneske, eller ved høve der det hjå somme artar er lettare å observera fenomenet ein ser på. Ofte kan det til dømes vera nyttig å nytta organismar med kort generasjonstid når ein studerar evolusjon.
Bananflugearten Drosophila melanogaster var den første arten som for alvor tok steget frå naturen til laboratoriet i 1901.
[endre] Døme på modellorganismar
- Escherichia coli
- Gjær
- Drosophila melanogaster
- Caenorhabditis elegans
- Marsvin
- Husmus
- Sebrafisk