Miseno
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miseno (latin Misenum) er neset som markerar den nordvestlege grensa til Napolibukta og Pozzuolibukta sør i Italia. Neset ligg direkte overfor øya Procida og er kalla opp etter Misenus, ein karakter i Vergil sitt verk Aeneiden.
Historisk har neset vore viktig sidan romartida sidan ho verna den indre hamna i Portus Julius, marinebasen til den vestlege romerske keisarflåten. Sentrale delar av verket Aeneiden føregår her og i Napolibukta. Det er her Aeneis sin ven, Misenus, mesteren av sjøhornet i form av ein konkylie, får «bølgjene til å klinge» med musikken sin og utfordrar sjøguden Triton til eit musikalsk slag. Han vart kasta i sjøen av ein sjalu Triton og gravlagd på neset som så vart kalla opp etter han.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Cape Miseno frå Engelsk Wikipedia .