See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Miljøpartiet Dei Grøne - Wikipedia

Miljøpartiet Dei Grøne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Miljøpartiet Dei Grøne
Talspersonar: Hanna E. Marcussen
Sondre Båtstrand
Oppretta: 1987
Ideologi: Grøn
Farge: Grøn
Hovudkontor: Dronningens gate 33
Postboks 2169
7412 Trondheim
Epost: gronne@gronne.no
Nettstad: www.gronne.no/
Ungdomsorganisasjon: Grøn Ungdom
Partiavis: Grønn Kontakt
Internasjonal tilknyting: Global Greens Coordination
Europeisk tilknyting: European Greens
Ordførarar: Ingen
Kommunestyrerepresentantar: 6
Fylkestingsrepresentantar: Ingen
Stortingsrepresentantar: Ingen
Medlemstal: omlag 450 (2007)

Sjå òg Miljöpartiet de Gröna

Miljøpartiet Dei Grøne arbeider for eit økologisk og sosialt bærekraftig samfunn. Det vert debattert internt i partiet om det tilhører sentrum eller venstresida i norsk politikk. Samstundes er ikkje partiet tufta på nokon einskild ideologi og fell på mange måtar utanfor den tradisjonelle høgre/venstre-aksa. Slike parti vert ofte plasserte i sentrum. Mest merksemd har partiet truleg fått rundt felleslista med Senterpartiet i Oslo i lokalvalet i 2003. Partiet er kritisk til statlege krav om profitt og økonomisk vekst framfor krav om økologisk og sosial betring.

Ungdomsorganisasjonen til Miljøpartiet Dei Grøne heiter Grøn Ungdom.

Innhaldsliste

[endre] Struktur

Landsmøtet er det høgste organet i partiet. Det er landsmøte kvart år, og alle tillitsvalde vert valde for eit år om gongen. Mellom landsmøta vert partiet leidd av eit landsstyre med 5 eller 7 medlemmer. Ein kontrollkomité skal sjå til at styret og sekretariatet held seg til vedtektene.

[endre] Partileiar

Miljøpartiet Dei Grøne har ikkje partileiar. To personar frå landsstyret får nemninga talspersonar og skal representere partiet utetter. Sondre Båtstrand og Hanna Elise Marcussen vart valde til talspersonar på landsmøtet i Bergen i 2008.

Jan Bojer Vindheim er den einaste personen som har hatt tittelen partileiar i Miljøpartiet Dei Grøne. Han sat frå 1993 til 1994.

[endre] Historie

Den tilgjengelege partihistoria fokuserer mykje på utviklinga i Oslo lokallag, eit av dei fylka der MDG har markert seg sterkast. Det ligg ikkje føre nokon heilskapleg historie for den nasjonale organisasjonen.

[endre] 1987–1990

Partiet vart skipa lokalt i Oslo den 8. mai 1987 etter at Nils Brozak tok initiativ til ei grøn liste. Etter ei hurtig danning av fleire lokallag, vart partiet skipa nasjonalt den 29. oktober 1988 og deltok i sitt første Stortingsval i 1989, der dei fekk 0,6% av stemmene.

Partiet vart oppretta som ein reaksjon på jappetida sitt krav om profitt og økonomisk vekst. Etter å ha stilt til lokalval i 1987 (eitt år etter Tsjernobyl-ulykka) kom partiet inn i fylkestinget i Akershus.

Ved kommunestyret i Halden, 1987, var 4 av 69 innvalde under namnet Demokratene – De Grønne, Demokratene – De Grønne vart seinare tilknytt Miljøpartiet Dei Grøne.

[endre] 1990–1995

På byrjinga av 1990-talet gjekk partiet gjennom ei grundig reorganisering. Fram til og med stortingsvalet i 1989 vart partiet leidd av eit landsutval og ei sentral koordineringsgruppe. Då denne strukturen, utan eit eige sekretariat, ikkje fungerte hensiktsmessig vart det lagt opp til ei ny strukturering, nær sagt den same som styrer partiet i dag.

I 1992 vart det utarbeidd eit program for valsamarbeid med Raud Valallianse. Mange medlemmer såg på eit slikt samarbeid som vesentleg for at partiet skulle fortsette. Då dette samarbeidet vart nedstemt grunna stor politisk avstand til RV gjekk det gamle styret av, då dei meinte partiet var for svakt til å stå aleine.

Under «EU-valet» i 1993 fekk partiet berre 0,2 % av stemmene. Dette året vart den første og til no einaste partileiaren valt, Jan Bojer Vindheim (frå 1993 til 1994).

I 1991 kom det inn 2 representantar (av 49) i Halden på Miljøpartiet Dei Grønes liste.

[endre] 1995–2005

I august 1995 vart det oppretta eit interimstyre til Oslo Grøn Ungdom. Ungdomsorganisasjonen kom i drift i løpet av 1996. Større vervekampanjar i ungdomsorganisasjonen førte til betre bemanning på hovudkontoret i Oslo.

I 2003 gjennomførte partiet ein gjennomgang av profilen sin og valde ein posisjon i det politiske miljøet. Dei gjekk inn i eit samarbeid med Oslo Senterparti (Felleslista) i lokalvalet, fekk ein ny grafisk profil, og tilsette ein eigen valkampsekretær.

I perioden 1995–2001 var Miljøpartiet Dei Grøne i opposisjon i Halden. Dei var med i ei såkalla borgarleg gruppe og med Høgre og KrF i spissen styrde Høgre, KrF, Dei Grøne, Senterpartiet og Venstre i 6 år. I 2001 sprakk samarbeidet og Dei Grøne har seinere uttalt at eit samarbeid med FrP er uaktuelt igjen.

I perioden 2003–2007 samarbeider MDG i Halden hovudsakleg med SV, Sp og RV, men også med KrF, Pensjonistpartiet og Venstre. Dette er opposisjonspartia i Halden.

Før stortingsvalet i 2005 vurderte Natur og Ungdom stortingskandidatane frå dei ymse partia. Miljøpartiet Dei Grøne og Raud Valallianse var dei einaste partia som fekk høgaste karakter, 6.

[endre] Organisasjonar

Dei fleste er med i ein eller fleire miljøvernorganisasjonar i tillegg til partiet. I Halden er det mange frå både Naturvernforbundet og dyrevernrørsla på lista.

[endre] Systerparti

Dei Grøne i Noreg er medlemmer i European Greens.

  • Belgia: Agalev (flamsk)/Ecolo (fransk)
  • Danmark: danske De Grønne
  • Finland: Vihrea Liitto
  • Frankrike: franske Les Verts
  • Irland: irske The Green Party
  • Italia: Federazione Dei Verdi
  • Kypros: Dei grøne på Kypros
  • Luxembourg: Déi Gréng
  • Nederland: De Groenen
  • Portugal: Os Verdes
  • Skottland: The Scottish Green Party
  • Storbritannia: engelske The Green Party
  • Sveits: sveitsiske Die Grünen/sveitsiske Les Verts
  • Sverige: Miljöpartiet de gröna
  • Tyskland: Bündnis 90/tyske De Grünen
  • Ukraina: ukrainske De Grønne
  • Austerrike: austerrikske Die Grünen

[endre] Statistikk

[endre] Partileiarar

Partiet har ikkje partileiarar, men to talspersonar, av dei minst éi kvinne.

  • (...)
  • 1993–1994: Jan Bojer Vindheim (leiar)
  • (...)
  • 1995–1996: Ane Aadland og Arne Gravanes
  • 1996–1997: Ane Aadland og Arne Gravanes
  • (...)
  • 1998–1999: Birte Simonsen og Brynmor Evans
  • 1999–2000: Lisa Fröyland og Gunter Scholz
  • 2000–2001: Lisa Fröyland og Tove Funderud Johansen
  • 2001–2002: Lisa Fröyland og Jan Bojer Vindheim
  • 2002–2003: Birte Simonsen og Jan Bojer Vindheim
  • 2003–2004: Birte Simonsen og Jan Bojer Vindheim
  • 2004–2005: Trude Malthe Thommasen og Brynmor Evans
  • 2005–2006: Trude Malthe Thomassen og Gaute Busch
  • 2006–2007: Trude Malthe Thomassen og Mats Indrefjord Høllesli
  • 2007–2008: Birte Simonsen og Jan Bojer Vindheim
  • 2008–2009: Hanna Elise Marcussen og Sondre Båtstrand

[endre] Valoppslutning

[endre] Kommune- og fylkestingsval

[endre] Valet 2003

Til fylkestingsvalet hadde partiet eiga liste i 9 fylke. 4799 røyster (0,2 %) gav ingen fylkestingsmandat. Felleslister med Raud Valallianse i Vest-Agder og Akershus, og med Senterpartiet i Oslo, gav heller ikkje utteljing.

Til kommunevalet hadde partiet liste i 11 kommunar. Listene fekk til saman 3526 røyster og gav i alt 7 kommunestyremandat:

[endre] Valet 2007

Til fylkestingsvalet hadde partiet liste i 15 fylke. Trass i 12 234 røyster (0,6 %), nestan tre gonger så mange som i 2003, vart det ingen mandat. Best gjorde partiet det i Vest-Agder, med 1,8 % av røystene.

Til kommunevalet hadde partiet liste i 15 kommunar. 6953 røyster gav i alt 6 kommunestyremandat:


[endre] På verdsveven


Ynskjer du å bidra til Wikipedia på nynorsk ved å utvide den her artikkelen kan du besøkje Wikiprosjektet Norske politiske parti, eit prosjekt som tek sikte på å dokumentere dei norske politiske partia.

Politiske parti i Noreg
Sosialistisk venstreparti Arbeidarpartiet Senterpartiet Venstre Kristeleg folkeparti Høgre Framstegspartiet
Abort-motstandernes liste | Demokratane | Fedrelandspartiet | Kristent samlingsparti | Kystpartiet | Det liberale folkepartiet (DLF) | Miljøpartiet dei grøne | Naturlovpartiet | Norges kommunistiske parti (NKP) | Pensjonistpartiet | Raudt | Reformpartiet | Samefolkets parti | Samfunnspartiet


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -