See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Mapam - Wikipedia

Mapam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mapam – Det sameinte arbeidarpartiet – var etterkomaren etter venstrefløya av det sionistiske arbeidarpartiet Poale Sion i Russland. Det vart danna i 1948 ved samanslåinga av dei sosialistiske gruppene Hashomer Hatzair og Achdut Ha'Avoda, og var ein aktiv deltakar i israelsk politikk til 1990-åra. Det representerte venstrefløya av kibbutzrørsla og etterfølgde på denne måten Hashomer Hatzair som hadde vore aktiv sidan 1920-åra.

Mapam var opphavleg prosovjetisk, til rettssakene mot leiande jødiske kommunistar i Tsjekkoslovakia i 1953 og Mapams utsending i den tsjekkoslovakiske hovudstaden vart påstått å vere med i ei sionistisk samansverjing med desse. Sidan utvikla Mapam seg i meir sosialdemokratisk retning. Ei gruppe av Mapam-medlemer med Moshe Sneh i brodden reagerte på brotet med Sovjetunionen med å gå over til Maki, kommunistpartiet.

Mapam vart med i regjering saman med Mapai (no Avoda, Det israelske arbeidarpartiet) frå 1955. I 1969 gjekk dei eit steg vidare og vart med i ein fast valallianse med Arbeidarpartiet. Men i 1984 gjekk Mapam ut av denne alliansen og ut av regjeringa i protest mot at Avoda med Shimon Peres i brodden skipa ei samlingsregjering med høgrepartiet Likud.

I 1992 skipa Mapam det nye freds- og venstrepartiet Meretz saman med venstregruppene Ratz og Shinui. Dette sekulære og demokratisk-sosialistiske partiet heiter no Meretz-Yachad, og er leidd av den tidlegare Avoda-medlemen Yossi Beilin.

Ein av dei mest kjende Mapam-leiarane opp gjennom tida er Simha Flapan (1911-1987), som òg har eit namn som ein viktig israelsk historikar.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -