Mandarin (fleirtyding)
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mandarin kan vera
- ei frukt frå mandarintreet
- eit standardtalespråk i Kina
- fleire kinesiske dialektar
- ei europeisk nemning brukt om kinesiske embetsmenn før 1912
- mandarinand (Aix galericulata), ein austasiatisk andesort
- mandarinfisk (Synchiropus splendidus)
[endre] Ordsoge
Ordet har opphav i sanskrit mantrin, som viste til ein minister eller rådgjevar. Dette ordet spreidde seg til store delar av Søraustasia, særleg i malaytalande land. Portugisarane tok ordet mandarim med seg til Kina der dei brukte det om embetsfolk, som der hadde tittelen gun. Gjennom nederlandsk blei ordet omforma til mandarijn og dagens norske mandarin. Ein har så brukt ordet til å skildra ulike ting som kom frå Kina, slik som mandarinfrukta og mandarinanda.