Majavatnet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Store Majavatnet | |
---|---|
Stad | Grane (Nordland) |
Koordinatar | Koordinatar: |
Overflateareal | 15,99 km² |
Kystlengd1 | 50,37 km |
Høgd over havet | 310 moh |
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Majavatnet (sørs. Maajehjaevrie) er to vatn sør i Helgeland ikkje langt frå grensa til Nord-Trøndelag. Det store Majavatnet er 16 km², Litl-Majavatnet (Ohtje Maajehjaevrie) er 3 km². Majavatnet renn ut i Liltl- Majavatnet, som renn ut via Svenningsdalselva til Vefsna.
Majavatnet ligg i sørsamisk område, og sørsamisk språk har stått sterkt blant sørsamane som bur her.
Ved Majavatn-tragedien under andre verdskrigen i oktober 1942 fall 34 nordmenn, fleire vart arresterte, andre måtte forlate landet[1].
[endre] Referansar
- ↑ Magne Skodvin Norsk historie 1939-1945 , Det Norske Samlaget 1991 ISBN 82-521-3491-2