See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Sørsamisk språk - Wikipedia

Sørsamisk språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sørsamisk
(åarjelsaemie)
Klassifisering: Uralsk
 samisk
Bruk
Tala i: Noreg, Sverige
Område: Hedmark, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Jämtland
Sørsamisktalande i alt: 500
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Snåsa kommune
Normert av: Samisk språkråd
Språkkodar
ISO 639-2: sma
ISO 639-3: sma

Sørsamisk er eit finsk-ugrisk språk i den uralske språkfamilien. Det blir snakka av i overkant av 500 talarar, i Østerdalen, Trøndelag og Nordland, og i tilgrensa område i Sverige. Språket har òg hatt ei viss utbreiing på Nordmøre og kring Dovre.

Sørsamisk er eit truga språk. Det er berre rundt 500 som talar språket, få unge, og det er også få som skriv det.[1]

Innhaldsliste

[endre] Alfabet

Sørsamisk blir skrive med bokstavane i det norske og svenske alfabetet, slik at æ, ø blir brukt på norsk side og ä, ö på svensk side. I tillegg brukar ein ï, ein lågare, meir bakre i i tillegg til i, men i skrive sørsamisk er det ein tendens til å skrive i for ï. Grovt sett kan ein seie at dei sørsamiske uttalereglane byggjer på uttalereglane til norsk og svensk.

[endre] Grammatikk

[endre] Fonologi

Hovudartikkel: Sørsamisk fonologi

Sørsamisk har eit rikt vokalsystem med 8 korte vokalar (i, e, æ, a, y, u, o, å) og 13 lange vokalar eller diftongar (ie, ee, ae, ea, aa, ue, øø, åe, yø, oe, åå, ua, åa). Det korte vokalsystemet har dei same vokalane som norsk, bortsett frå at kort /ø/ manglar. Systemet av lange vokalar skil seg frå norsk, framforalt ved at det har fallande diftongar (ie, ea, yø, ua, åa), diftongar der den første delen blir uttalt høgare (med munnen meir lukka) enn andre delen.

Sørsamisk skil seg frå dei andre samiske språka ved at dei ikkje har stadieveksling. Derimot har sørsamisk omlyd, dvs. rotvokalen varierer etter vokalen i bøyingssuffikset. T.d. er det omlyd føre komitativendinga -ine, slik at gåetie "hus" heiter gøøtine i komitativ. Sørsamisk har 7 ulike omlydsrekkjer med 6 ulike kontekstar.

[endre] Morfologi

Hovudartikkel: Sørsamisk morfologi

Sørsamiske substantiv har 8 kasus, 3 grammatiske, 3 lokale og 2 andre adverbiale. Substantivmorfologien er relativt konservativ, t.d. skil sørsamisk mellom akkusativ -m og genitiv -n, denne skilnaden er forsvunne både i nordsamisk (der begge desse kasusa manglar ending) og i finsk, der suffiksa for akkusativ og genitiv har falle saman til -n. Derimot finn vi dei same suffiksa i den andre enden av den uralske språkfamilien akkusativ -m og genitiv -n i marisk, og akkusativ -m og genitiv i nenetsisk.

I verbbøyinga finn vi 3 personar, 3 tal (singularis, dualis, pluralis). Negasjonen er eit verb, til skilnad frå nordsamisk blir negasjonen bøygd ikkje berre i person men også i tid.


[endre] Syntaks

Hovudartikkel: Sørsamisk syntaks

Sørsamisk er, til skilnad frå dei andre samiske språka, eit SOV-språk. Hjelpeverb står foran objektet, så ordstillinga er snarare SHOV (med H for hjelpeverb). Som dei andre samiske språka har sørsamisk postposisjonar heller enn preposisjonar, og adjektiv står foran substantiva dei modifiserer. Med unntak av hjelpeverb, subjunksjonar og preposisjonar er sørsamisk eit språk der kjerna i dei syntaktiske frasene (den delen som avgjer kva slags frase det er) kjem til slutt i frasa.

Sørsamisk kan utelate subjektet frå finite setningar, det er eit såkalla PRO-drop-språk.

Eit drag som skil sørsamisk frå dei andre samiske språka er at det i presens er mogleg å sløyfe hjelpeverbet «er» i setningar med subjektspredikativ (setningar av typen Per er lærar).

[endre] Språkhistorie

[endre] Ytre språkhistorie

Dei eldste tekstane på samisk, frå svensk side, er frå sørsamisk, eller snarare på umesamisk, frå 1660-åra. Sørsamane var også tidleg ute med organisatorisk arbeid, allereie i 1906. Sørsamisk språkforsking tok til i 1860-åra med ungararen Ignácz Halász, som publiserte tekstar og ein grammatikk. Særleg viktig har Knut Bergsland sitt arbeid med sørsamisk vore, hans Røroslappisk grammatikk frå 1946, Sydsamisk grammatikk (1981) og ordboka Åarjelsaemien-daaroen baakoegaerja (1993, saman med Lajla Mattson Magga er dei sentrale verka for sørsamisk, i lag med Hasselbrinks Südsamisches Wörterbuch I–III. Det sørsamiske skriftspråket er frå 1974, i den såkalla Bergsland-Bull-rettskrivinga, etter Bergsland og Ella Holm Bull.

[endre] Indre språkhistorie

Som så ofte er med språk i utkanten av eit nært beslekta språkgruppe, er sørsamisk meir konservative enn dei andre samiske språka. Stadieveksling, ein samisk innovasjon, har ikkje strekt seg heilt til sørsamisk, derimot er omlyd ein levande prosess.

Om sørsamisk har vore i utkanten av den samiske og uralske språkutviklinga, har språket gjennom hundreåra hatt meir kontakt med germanske språk enn dei andre samiske språka. Det er såleis svært mange norske lånord i sørsamisk.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Litteratur

  • Bergsland, Knut 1946: Røros-lappisk grammatikk : et forsøk på strukturell språkbeskrivelse. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B. Skrifter ; 43. Oslo : Aschehoug, 1946.
  • Bergsland, Knut 1982: Sydsamisk grammatikk. Tromsø : Universitetsforlaget.
  • Bull, Ella Holm & Bergsland, Knut 1993: Lohkede saemien = Sørsamisk lesebok [Oslo] : Grunnskolerådet, Kirke- og undervisningsdepartementet; Kárásjohka : Davvi girji, 1993. 1. utg. Oslo : Universitetsforl., 1974.
  • Collinder, Björn 1942: Lappische Sprachproben aus Härjedalen : nach Nils Axman, Torkel Larsson, Lars Renfelt, Elisabeth Rensberg und Nils Rutfjäll : mit einem Abriss der Nominal- und Verbalbeugung. Arbeten utgivna med understöd av Vilhelm Ekmans universitetsfond ; 50. Uppsala : Almqvist & Wiksell, 1942.
  • Halász, Ignácz 1891: Svéd-lapp nyelv. 4, Déli-lapp szótár / irta Halász Ignácz. Ugor füzetek ; 10. Budapest : Magyar Tudományos Akadémia, 1891.
  • Hasselbrink, Gustav 1944: Vilhelminalapskans ljudlära : med särskild hänsyn till första stavelsens vokaler. Uppsala : Almqvist & Wiksell, 1944.
  • Hasselbrink, Gustav 1981-1985: Südlappisches Wörterbuch = Oårj'elsaamien baaguog'ärjaa. Skrifter / utgivna genom Dialekt- och folkminnesarkivet i Uppsala Ser. C, Lapskt språk och lapsk kultur ; 4. Uppsala : Lundequistska bokhandeln, 1981-1985. 3 bind.
  • Lagercrantz, Eliel 1926: Wörterbuch des südlappischen : nach der Mundart von Wefsen. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B, Skrifter ; 4. Oslo : Aschehoug, 1926.
  • Larsson, Lars-Gunnar (red.) 1996: Lapponica et Uralica : 100 Jahre finnisch-ugrischer Unterricht an der Universität Uppsala : Vorträge am Jubiläumssymposium 20.-23. April 1994. Studia Uralica Upsaliensia ; 26. Uppsala : Acta Universitatis Upsalienia : Distributor: Almqvist & Wiksell, 1996.
  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2003: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 1 = voestes gærja 1 : åarjelsaemien gielekuvsje / Åsta Vangberg og Helen Blind Brandsfjell ; illustrasjoner: Lena Kappfjell. [Hattfjelldal] : Sijti Jarnge, c2003.
  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2004: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 2 = mubpie gærja 2 : åarjelsaemien gielekuvsje. [Hattfjelldal] : Sijti jarnge, c2004.
  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2005: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 3 = gåalmede gærja 3 : åarjelsaemien gielekuvsje ; illustrasjoner: Mattis Danielsen. [Hattfjelldal] : Sijti jarnge, c2005.
  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2006: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 4 = njieljede gærja 4 : åarjelsaemien gielekuvsje ; illustrasjoner: Mattis Danielsen. [Hattfjelldal] : Sijti jarnge, c2006.
  • Wiklund, K.B. 1915: Lärobok i lapska språket. Uppsala : Akademiska bokhandeln.

[endre] Referansar

  1. http://www.ethnologue.com/show_language.asp?code=sma


Samiske språk
akkalasamisk | enaresamisk | kildinsamisk | lulesamisk | nordsamisk | pitesamisk | skoltesamisk | sørsamisk | tersamisk | umesamisk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -