Macgillycuddy's Reeks
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Macgillycuddy's Reeks (Na Cruacha Dubha på irsk, tyder «Dei svarte pipene») er ei fjellkjede i County Kerry i Republikken Irland. Dei strekk seg litt over 19 km og inneheld dei høgaste fjella på Irland (Carrauntoohil med 1 038 m, Beenkeragh med 1 010 m og Caher med 1 001 m) og over 100 andre såkalla Hewitt-fjell (fjell på Dei britiske øyane på over 2000 fot). Fjella består av sandstein forma av isbrear og ligg på halvøya Iveragh nær Killarneysjøane.
Namnet på kjeda kjem frå 1700-talet etter den irske klanen Macgillicuddy (eller McGillicuddy) som eigde landområdet i denne delen av County Kerry i lang tid fram til siste del av 1900-talet.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Macgillycuddy's Reeks frå Engelsk Wikipedia .