Lexus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lexus er eit bilmerke som vert produsert av den japanske bilfabrikanten Toyota. Leksus har seld luksusbilar sidan starten i 1989.
Ideen bak Lexus kom alt i 1983, då Toyota-sjefen Eiji Toyoda tykkde det var på tide å lage ein luksusbil som kunne konkurrere med verdas beste. Svaret kom i det topphemmelege prosjektet F1 (Flagship No. 1). F1 vart seinare kjend som Lexus LS400. Det var Honda si vellykka lansering av luksusmerket Acura som inspirerte Toyota-leiinga. Dei konkluderte med at dersom merket skulle bli en suksess, måtte de ha en separat salgskanal.
Året etter fikk Toyotas faste reklamebyrå Saatchi & Saatchi i oppgave å gje namn til det nye bilmerket. Alexis vart nemnd, og etter en omrokkering av bokstavane vart det Lexus.
[endre] Lexus i Noreg
Lexus vart først ordentleg introdusert i Noreg hausten 1999 med blant anna eigen forhandlar på Skøyen i Oslo. Ved introduksjonen var tilbodet for det norske marknaden IS 200, GS 300 og LS 400. I dag vert Lexus seld gjennom Lexus Oslo som held til i Vitaminveien 4 i Oslo.
I august 2007 får Lexus separat forhandlaranlegg i Oslo, deretter fylgjerr Tromsø, Bergen, Stavanger og Trondheim. Dette er ein del av en offensiv strategi for Europa som har som mål å auke antallet forhandlarar frå 260 til 330 innan år 2010.
I 2006 vart det solgt 137 bilar av merket Lexus i Noreg. Salgsmålet for 2007 er 230 bilar, 300 i 2010 og 700 i 2012. Kjelde:Dagens Næringsliv