Langkyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Langkyrkje er ein vanleg kyrkjeform. Ei langkyrkje har eit langstrakt kyrkjerom som skal symbolisere mennesket sin veg eller vandring gjennom livet. Målet er alteret som då symboliserer paradis. Denne kyrkjeformen har vore den vanlegaste i Noreg frå mellomalderen fram til 1900-talet. Det er vanlegast med denne kyrkjetypen at koret er smalare og lågare enn sjølve kyrkjeskipet. Denne kyrkjeforma var særleg utbreidd då nygotikken kom til Noreg. Forma fekk og ei ideologisk forankring som ein luthersk kyrkjeform.