See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kvit nøkkerose - Wikipedia

Kvit nøkkerose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvit nøkkerose

Stor nøkkerose
Blomsten til stor nøkkerose er
den største hos ville planter i Noreg

Systematikk
Rike: Plantæ
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Nymphaeales
Familie: Nymphaceae
Slekt: Nymphaea
Art: N. alba
Vitskapleg namn
Nymphaea alba

Kvit nøkkerose (latin Nymphaea alba) er ei fleiråreg vassplante. Kvit nøkkerose trivst både i næringsrikt og næringsfattig vatn, og lev både i elvar og i stilleståande vatn.

Kvit nøkkerose er fylkesblome for Buskerud.

[endre] Kjenneteikn

Kvit nøkkerose har runde, blankt grøne blad som ofte kan ha eit raudleg skjer, særleg på undersida. Mot bladkanten dannar bladnervene eit nettverk. Blomane er store, og flyt i vassoverflata.

Planta blomstrar frå juni til september, og har den største blomen i norsk flora med ein diameter på opp til 20 cm. Dei 12-30 kronblada er kvite og støvberarane gule; det finst òg variantar med raude kronblad. Ytst i blomen har han fire grøne begerblad. Bestøvinga er det insekt som syt for.

Jordstengelen til kvit nøkkerose veks ned i botnen av sjøen. Frukta blir modna under vatn.

[endre] Underartar

I Noreg reknar me med at det finst to til tre underartar av kvit nøkkerose.

  • Stornøkkerose (Nymphacea alba alba) har store blad med tilnærma rette nerver i bladflikane. Blomen er relativt jamnt avrunda frå skaftet og opp etter begerblada. Denne varianten har som regel heilt opne blomar med ein diameter frå 10 til 20 cm. Me finn ho på austlandet og i kyststrok nord til Lyngen i Trøndelag.
  • Smånøkkerose (Nymphacea alba occidentalis) har konvergerande nerver i blada og er generelt sett mindre enn stornøkkerosa. Blomen er her frå 5 til 12 cm brei og er oftast ikkje heilt open. Utbreiinga er noko meir vestleg enn stornøkkerosa.
  • Kantnøkkerose (Nymphacea alba candida) har store blad med innoverbøygde nerver i bladflikane. Blomen er oftast berre halvveges open og består av 15 til 20 kronblad. Denne forma er vanleg på austlandet.

[endre] Bakgrunnsstoff

Kvit nøkkerose i eit tjern i ferd med å bli myr. Fotograf: Kjetil Lenes
Kvit nøkkerose i eit tjern i ferd med å bli myr. Fotograf: Kjetil Lenes
Commons har multimedia som gjeld: Kvit nøkkerose



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -