Kvae
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvae eller harpiks (resin), er ei ikkje-flytande blanding av terpenar, fenylpropanoidar og gummistoff som vert utsondert frå sårflater på tre og stivnar i kontakt med luft.
Kvae vert produsert i spesielle kvaekanalar og er vanleg hos vekstar i furufamilien, styraksfamilien og skjermplantefamilien. Kvae er treet sitt forsvarsystem mot angrep av insekt og sopp. Når for eksempel ei barkebille prøver å gnage seg inn under barken startar kvaeutfloden, eit friskt tre vil normalt skille ut så mykje at billa må gje tapt. Kvae består av ulike hydrokarboner og stivnar fort når eteriske oljer fordampar.
Kvae vert nytta til ei rekke formål, mellom anna i produksjonen av terpentin, røkelse (fra Boswellia sacra), myrra (fra Commiphora abyssinica), Latex (fra gummitreet), og rav (fossil kvae).
Kvae vert òg nytta på strykeinstrumentbogar for at håra skal festa seg på stengene og gleppa når krafta overstig ei viss grense. Måten bogehåra festar seg til strengene er viktig for lyden frå strykeinstrument