Kuşadası
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kuşadası er ein kystby i det vestlege Tyrkia, i nærleiken av den antikke byen Efesos, 90 km sør for İsmir og nærme øya Samos. Byen har omlag 50 000 innbyggjarar (1995) og er velkjend som turistmål — både for dei mange strendene og som anløpsstad for cruiseskip til Efesos.
Kuşadası var ei lita hamn som var heilt overskugga av Efesos inntil hamna der vart ubrukande på grunn av avleiringar. Byen var kjend som Ny-Efesos, Scala Nuova og Kush-Adasi først på 1900-talet.
Namnet kjem av tyrkisk «kuş» (‘fugl’) og «ada» (‘øy’). Rett ved den gamle hamna ligg ei lita øy med ein knaus som ser ut som eit fuglehovud når ein ser det frå sjøen.
Den 16. juli 2005 vart fem personar drepne og minst 13 skadde i eit eksplosjon ombord på ein minibuss der. Ein mistenkjer at dette var eit terroriståtak. [1]