Kristian VIII av Danmark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konge av Danmark |
1839–1848 |
|
Føregjengar | Fredrik VI av Danmark-Norge | |
Etterfylgjar | I Danmark: Fredrik VII I Noreg: Karl II |
|
Fødd | 18. september 1786 i Christiansborg | |
Død | 20. januar 1848 | |
Gift med | Charlotte Frederikke (1806) Caroline Amalie |
|
Barn | ||
Gravlagd | Roskilde domkyrkje | |
Valspråk | Gud og fædrelandet |
Kristian VIII, i Danmark Christian VIII (18. september 1786–20. januar 1848) av den oldenborgske slekta. Han var vald konge av Noreg frå 17. mai til 14. august 1814. Som norsk konge er han nokre gonger omtala som «Kristian Fredrik» (eller «Christian Frederik»).
Som kronprins av Danmark overtok han den danske trona i 1839.
Han vart fødd som son av arveprins Fredrik, halvbror til den sinnssjuke Kristian VII, den 18. september 1786 på Christiansborg Slott i København. Då Fredrik VI ikkje etterlét seg søner, var arveprinsen sin son Kristian Fredrik i høve Kongeloven næraste arving til trona. Han var konge av Danmark frå 1839-48.
I mai 1813 sende Fredrik VI prins Kristian Fredrik til Noreg som stattholdar, med von om å styrkja den norske truskapen mot krona. Truskapskjensla hadde lidd under Danmark si skjebnesvangre allianse med Napoleon. Ved Kielfreden den 14. januar 1814 måtte kongen avstå Noreg til kongen av Sverige. Sverige skulle få Noreg mot å verta med i krigen mot Napoleon.
Kristian Fredrik valde å setja seg i brodden for ei norsk sjølvstenderørsle, og 17. mai 1814 underskreiv han ei norsk grunnlov og vart vald til norsk konge. Men etter ein kort krig med Sverige måtte han slutte fred ved Mossekonvensjonen av 14. august. Han måtte gå med på å abdisera (gå av) og gje makta over til Stortinget, mot at Noreg fekk halda på Grunnlova. Stortinget valde kongen av Sverige til ny norsk konge i ein laus personalunion 4. november 1814, etter å ha vedteke dei endringane i Grunnlova som unionen gjorde naudsynte.