Krasnodar kraj
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Krasnodar | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 44. 75 500 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 3. ca. 5 121 000 (2008) |
||||
Føderalt distrikt | Sørlige | ||||
Økonomisk region | Nord-Kaukasus | ||||
Regionsnummer | 23 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Aleksandr Nikolajevitsj Tkatsjov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0300 |
Krasnodar kraj (russisk Краснодарский край) er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Krasnodar, arealet er 75 500 km² og innbyggjartalet er 5 121 000 (2008). Territoriet ligg ved Svartehavskysten, og grensar til Georgia (inkludert utbrytarregionen Abkhasia) i sør. Republikken Adygeja er heilt omringa av Krasnodar kraj, men er ikkje ein del av territoriet.
[endre] Folkesetnad
Krasnodar kraj har størst folketal av alle russiske føderasjonssubjekt utanom dei føderale byane Moskva og St. Petersburg. Dei største byane er Krasnodar (709 000 ibuarar), Sotsji (331 100), Novorossijsk (229 200) og Armavir (190 000).
Fleirtalet av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske samansetjinga:
- Russarar: 86,6 %
- Armenarar: 5,4 %
- Ukrainarar: 2,6 %
[endre] Eksterne kjelder
- Krasnodar kraj sine offisielle heimesider på russisk.
- Artikkel frå NUPI på engelsk.
- Artikkel frå Kommersant på engelsk.