Králický Sněžník
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Králický Sněžník er òg det tsjekkiske namnet på Śnieżnikfjella i Sudetane
Králický Sněžník | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 1 423 m | |
Ligg i/på | Tsjekkia, Polen | |
Fjellkjede | Jeseníkyfjella |
Králický Sněžník, på polsk Śnieżnik eller Śnieżnik Kłodzki (og Glatzer Schneeberg eller Grulicher Schneeberg på tysk) er eit fjell på grensa mellom Tsjekkia og Polen. Fjellet er dekka av snø opp til åtte månader av året, og derfor har fjellet fått dette namnet.
Fjellet er den høgaste toppen i Králický Sněžník-massivet, som igjen er ein del av Jeseníkyfjella. Det ligg mellom landsbyane Králíky og Kladsko Gap, som skil fjellet frå Rychlebyfjella.
Massivet vart danna under tertiærperioden. Sněžník er vasskiljet for tre hav: Svartehavet (elva Morava), Austersjøen (elva Nysa Kłodzka) og Nordsjøen (elva Liptovský).
Mellom 1899 og 1973 stod det eit utkikkstårn av stein på den polske sida av fjelltoppen. Ein statue av ein ung elefant vart reist der det tidlegare låg ei fjellhytte.
På den tsjekkiske sida vart det oppretta eit verna naturreservat (Národní přírodní rezervace Králický Sněžník ) i 1990 [1].
[endre] Lenkjer ut
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Králický Sněžník - Śnieżnik frå Engelsk Wikipedia .