See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kløyvd infinitiv - Wikipedia

Kløyvd infinitiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Utbreiing av kløyvd infinitiv i norske dialektar. Det lyseblå området har infinitiv på -e i overvektsord og -a i jamvektsord, det mørkeblå området apokope i overvektsord og mykje jamning i jamvektsord.
Utbreiing av kløyvd infinitiv i norske dialektar. Det lyseblå området har infinitiv på -e i overvektsord og -a i jamvektsord, det mørkeblå området apokope i overvektsord og mykje jamning i jamvektsord.

Kløyvd infinitiv er ei nemning for skiljet mellom a-infinitiv i verb som å vera, men e-infinitiv i verb som å kaste, eit skilje som er gjennomført i tradisjonelt folkemål austafjells og i Trøndelag, delvis òg i Ranværingsdialekt. Det same skiljet finst i nokre svenske dialekter, mellom dei Jamska.

Skiljet har rot i jamvektlova, ein regel om korleis uttalen har endra seg frå gammalnorsk til moderne norsk folkemål.

  • Infinitivar med lang rotstaving i gammalnorsk - det vil seie lang vokal (í i bíta eller øy i høyra) eller kort vokal pluss lang konsonant (som i finna) - fekk etterkvart i folkemålet trykket samla på den lange rotstavinga, og endinga vart redusert til ein trykklett e (å kaste), om ho ikkje fall heilt bort ved apokope (å kast').
  • Infinitivar med stutt rotstaving i gammalnorsk - det vil seie kort vokal og kort konsonant (å bera) - fekk jamvekt mellom rotstavinga og endringa, slik at vokalen ikkje vart redusert, men heldt seg som ein a (å bera, å bæra eller å bårrå).

Denne jamvektregelen har verka frå Langesundfjorden i Telemark og Bykle i Setesdal nordover aust for Langfjella til litt nord for Molde, i Trøndelag og på indre Nord-Helgeland.

Verb med a-infinitiv etter kløyvd infinitiv kan vere:

  • aka, baka, detta, eta, fara, flytta, gjera, koma, leva, lova, seia, selja, sitja, skipa, skjera, spela, tala, telja, vera, vita - men her kan det vere skilje mellom dialektane, og denne lista er ikkje komplett.

[endre] Kløyvd infinitiv i skriftspråket

- dit ska' vi aldri komma, Karl,
det kan du banne på.
Hans Børli: Tømmerkoievise
   

Kløyvd infinitiv vart i nynorsk innført som sideform ved rettskrivinga av 1917, jamstilt med infinitiv på -a etter rettskrivinga av 1938. Frå 1959 har det vore ei tillaten sideform. Mellom anna Tarjei Vesaas, Tor Jonsson og Olav Duun har nytta kløyvd infinitiv i nynorsk.

I bokmålet var kløyvd infinitiv tillaten i 1938. Forma var sideform i læreboknormalen av 1959. Ved rettskrivingsendringane i 2005 vart kløyvd infinitiv tatt ut av bokmålet, sidan han har vore lite bruka i skrift. Nokre bokmålsforfattarar har bruka kløyvd infinitiv i noveller og dikt, mellom dei er Alf Prøysen, Hans Børli og Stein Ove Berg.

[endre] Kjelder

  • Einar Lundeby og Ingavld Torvik, 1969: Språket vårt gjennom tidene
  • Tanums store rettskrivingsordbok, 1979
  • Olav T. Beito 1986: Nynorsk grammatikk
På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -