See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kiva.org - Wikipedia

Kiva.org

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kiva.org er ein frivillig organisasjon som har som mål å sameine folk gjennom lån for å redusere global fattigdom. Gjennom bruk av Internett og eit verdsomspennande nettverk av mikrofinansinstitusjonar lèt Kiva enkeltpersonar låne ut ned til 25 amerikanske dollar (kring 150 norske kroner) for å hjelpe til med å finansiere småbedrifter eigde og drivne av personar frå låginntektsgrupper kring i verda.

Lån gjennom Kiva gjev 0 % renter til utlånarane, og Kiva sjølve krev ikkje renter frå låntakarane. Det finst planer om å kreva 2 % renter frå mikrofinansinstitusjonane frå utpå året i 2007.[1] Låntakarane betalar noko renter til dei lokale mikrofinansinstitusjonane som administrerer enkeltlåna,[2] men Kiva.org hevdar at dei held auga med kor mykje renter som blir kravde og at dei ikkje vil arbeide med institusjonar som krev urettferdige eller unødig høge renter. Kiva-låntakarane har ein historisk tilbakebetalingsrate på 100 %.[3]. Kiva arbeider med regulatorar for å kunna lata mikrofinansinstitusjonar tilby variable renter til ulike låntakarar.

Innhaldsliste

[endre] Korleis verkar det?

Fil:Kiva worldwide map.jpg
Kiva-partnarar kring i verda.

Kiva let mikrofinansinstitusjonar kring i verda avertere profilar av kvalifiserte lokale entreprenørar på Internett. Utlånarane er kven som helst som har eit kredittkort eller ein PayPal-konto. PayPal-konto treng ein elles berre når ein vel å taka ut att pengar.Kiva FAQ Utlånarane les profilane på Internett og bestemmer seg for éin eller fleire entreprenørar dei ønskjer å finansiere deler av lånet til. Kiva samlar inn lånekapitalen frå desse individuelle utlånarane og overfører han til mikrofinanspartnarane sine, dei såkalla feltpartnarane, som i sin tur distribuerer pengane og administrerer låna. Etter kvart som lånet blir tilbakebetalt av entreprenøren, overfører feltpartnarane pengane tilbake til Kiva. Når lånet er heilt tilbakebetalt, kan Kiva-utlånarane trekkje tilbake kapitalen sin att eller låne han ut att til ein annan entreprenør.

PayPal tek ikkje noko gebyr for Kiva-transaksjonar.Kiva FAQ Kiva distribuerer 100 % av lånet til entreprenøren. Utlånarane mottek ikkje noka rente eller annan profitt. Feltpartnaren som administrerer lånet tek renter frå entreprenøren.

Denne artikkelen er ikkje (ferdig) omsett frå engelsk enno.

Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!

[endre] Den første framgangen

[endre] Organisasjon og arbeidslag

[endre] Referansar

  1. http://www.kiva.org/about/faq/#Does_Kiva_charge_interest
  2. http://www.kiva.org/about/faq/#Do_Kivas_partners_charge_interest_to
  3. Kiva FAQ: “To date, Kiva.org’s repayment rate is 100%.”

[endre] Sjå òg

  • Crowdfunding

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -