Fattigdom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fattigdom kan definerast som:
- Mangelen av mogelegheit til å leve et liv som svarar til bestemte minimale krav. Desse krava kan vere svært ulike avhengig av tid og stad.
- Omgrepet fattigdom vert nytta om statar, land, administrative einingar, enkeltpersonar eller grupper av menneske.
Vi kan også sjå fattigdom i fleire samanhengar. Vi har økonomiske fattigdom, som tyder å lide materiell nød, altså med mangel på pengar, materielle godar og resursar. Vi har også den sosiale fattigdom, som tyder å vere sosialt ekskludert, men samtidig avhengig av samfunnet for å føre eit liv slik samfunnet forventar. Samfunnet forventar for eksempel at vi skal delta i samfunnslivet og å etablere familie.
- Når ein lev i fattigdom er det ikkje mogeleg å bestemme over eigen livssituasjon.
[endre] Korleis måle fattigdom
Når ein måler fattigdom nyttar ein fattigdomsgrense. Er nokon under fattigdomsgrensa er han fattig.
Ein har to mål for fattigdom
- Absolutt fattigdom
- Relativ fattigdom
[endre] Absolutt fattigdom
Ved absolutt fattigdom, er fattigdomsgrensa det som trengst for å tilfredsstille basiskrav. Verdsbanken opererer med ei fattigdomsgrense på 1 dollar/dag (PPP-justert=Altså justert for prisar). Absolutt fattigdom inneber manglande tilfredsstilling av grunnleggjande basisbehov som mat, klede, husly og tilgang på grunnutdanning og primærhelseteneste. Dette er menneske som lever eit liv prega av naud og mangel på mogelege val.
[endre] Relativ fattigdom
Ved relativ fattigdom, er fattigdomsgrensa det som trengst for å leve eit anstendig liv samanlikna med andre menneske i same samfunn, for eksempel relativt til dei andre innbyggjarane i eit land.
Relativ fattigdom er fattigdom sett i forhold til ei gruppe. Det er altså ikkje berre snakk om å overleve og å tilfredsstille grunnleggjande behov, men at levestandarden blir sett i forhold til det samfunnet ein lever i. Fattigdomsgrensa i Noreg er ca. 88 000 kroner i året (år 2005) etter OECD-normen. Dette er 50% av medianinntekta. Det er denne normen som vert nytta i Noreg). Etter EU-normen er fattigdomsgrensa i Noreg 127.000 kroner i året (år 2005) (60% av medianinntekta).
Statens Institutt for Forbruksforskning - SIFO - seier at ein voksen person bør klare seg på drøyt 6 500 kroner i månaden (år 2006) for å leve på et rimeleg forbruksnivå. Med eit rimeleg forbruksnivå forstår ein eit forbruk som kan godtas av folk flest. Buutgifter er ikkje rekna med.
Velferdsalliansen arbeider for økonomisk, sosialt og rettsleg vanskelegstilte i Noreg.