Kilkenny
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Plassering | |||
---|---|---|---|
|
|||
Styresmakter | |||
Land Provins Grevskap |
Irland Leinster County Kilkenny |
||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
3,74 km² |
||
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
22 719 6 075/km² |
||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 60 m | ||
Diverse annan informasjon | |||
Heimeside: www.kilkennycity.ie |
Kilkenny (irsk Cill Chainnigh, tyder «St. Canice-kyrkja») er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Kilkenny og ligg søraust på Irland. Sjølve byen har kring 8 000 innbyggjarar, men med omegn kjem innbyggjartalet opp i 22 000. Byen har status som city i Republikken Irland (i motsetnad til town), og er den minste av desse byane i landet, både i areal og innbyggjartal. Kilkenny ligg ved elva Nore og er kjend for historia si og nattelivet.
Kilkenny fekk kongeleg privilegium i 1609 av Kong Jakob I.
Kilkenny er den einaste byen i Republikken Irland med status som city som ikkje har teknisk høgskule eller universitet. Han er òg den einaste av desse byane som ikkje ligg ved kysten, eller der vatnet i elva ikkje vert påverka av tidvatn.
Byen er kjend for bryggeriet sitt, som i dag er eigd av Guinnes. Ølet Smithwicks vert produsert her, men utgjer berre ein brøkdel av produksjonen. Ølet Kilkenny vart produsert med tanke på eksport til Europa, sidan Smithwicks vart rekna som vanskeleg å uttale for ikkje-engelskspråklege.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Kilkenny byråad
- Arkitektur i Kilkenny
- Bilete av Kilkenny på Flickr
- Turisme i Kilkenny
- Turistattraksjonar i Kilkenny
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kilkenny frå Engelsk Wikipedia .