Joranger kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joranger kyrkje | ||
Generelt | ||
Innvigd: | Ukjend | |
Arkitektur | ||
Teknikk: | Tømra | |
Materiale: | Tre | |
Kyrkjerommet | ||
Plassar: | 85 | |
Joranger kyrkje er ei langkyrkje frå 1600-talet som ligg i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kyrkja, som ligg på ei høgd med utsyn over Lustrafjorden, er bygd i tre og kvitmåla.
Medan ein tidlegare rekna med at kyrkja var bygd rundt 1660, viser dateringar av innsida at ho sannsynlegvis er eldre, truleg frå byrjinga av 1600-talet. Altertavla er måla i 1639, medan bjelkane i kortaket har vore dekorert i 1643 og 1652.
Også før den noverande kyrkja blei bygd har det stått kyrkje på staden. To kyrkjeklokker som finst her er frå 1200-talet. Ein bronselysestake frå same hundreåret finst no på Bergen Museum.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Joranger kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 11. februar 2008.
- «Joranger kyrkje» ved luster.kommune.no
- «Joranger kyrkje» ved NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon