Janosch
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Janosch (kunstnarnamn for Horst Eckert) (fødd 11. mars 1931 i Hindenburg i Øvre Schlesien) er ein av dei mest kjende tyske barnebokforfattarane.
Janosch har skrive over 150 bøker som er omsett til 30 språk. Til norsk er Janosch omsett av blant andre Halldis Moren Vesaas. Mest kjend er truleg ei rekkje forteljingar om «den vesle tigeren og den vesle bjørnen».
Fleire av bøkene er filmatisert, og mange Janosch-filmar har vorte sende på Barne-TV på NRK.