See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Ioánnina - Wikipedia

Ioánnina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ioannina
Plassering
Ioannina (Hellas)
Ioannina
Ioannina
Styresmakter
Land
Periferi
Prefektur
Hellas Hellas
Ipiros
Ioannina prefektur
Grunnlagd 500-talet
Geografi
Flatevidd
 - By

46,6 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik

70 203
  1 507/km²
Koordinatar 39°40′0″N 20°51′0″EKoordinatar: 39°40′0″N 20°51′0″E
Høgd over havet 480 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 45x xx
Telefon-retningsnummer 26510
Bilnummer IN
Heimeside: www.ioannina.gr


Ioannina (gresk: Ιωάννινα, arumensk: Ianina, albansk: Janinë) er ein by i prefekturet med same namn i Ipiros nordvest i Hellas med eit storbyområde på om lag 100 000 innbyggjarar. Han er hovudstad i både Ioannina prefektur og Ipiros, og ligg på vestsida av Pamvotissjøen. Ioannina ligg 450 km nordvest for Aten, 290 km vest for Thessaloniki og 80 km aust for hamnebyen Igoumenitsa ved Det joniske havet

Byen er sete for Ioannina universitet med om lag 20 000 studentar.

[endre] Historie

Ein har funne spor av menneske her frå paleolitisk periode (38 000 år sidan) ved nokre steinreiskap som vart funne i grotta Kastritsa.

Byen vart grunnlagd på 500-talet av den austromerske keisaren Justinian I. Han vart kalla Ioannina, som tyder «Byen til Johannes» på gresk. Dette kom av at han var verna av apostelen Johannes. Han vart først nemnd i 527 av historikaren Prokopios som skreiv om grunnlegginga.

Byen vart erobra av normannarar i 1082 under Bohemond I av Antioka si leiing. Han reparerte dei eksisterande bymurane for å slå tilbake åtaket frå keisar Alexios I Komnenos. På 1200-talet, då despotatet Ipiros vart danna, vart Ioannina den nest viktigaste byen, etter hovudstaden Arta. Grunnleggaren av despotatet, Mikael I Komenos Doukas tok i mot flyktande austromerske familiar frå Konstantinopel etter at denne byen fall under det fjerde krosstoget. Desse flyktande familiane, i lag med nokre lokale adelsfamiliar, tok over styret i Ioannina i 1318 og braut med Arta. Same året kom Ioannina inn under den austromerske keisaren Andronikos II Palaiologos og litt seinare under serbarane, som på den tida hadde utvida staten sin til mykje av dei greske områda. Den austromerske keisaren gav byen mange privilegiar, som vart oppretthaldt serbarane. Som følgje av dette blømde Ioannina økonomisk og kulturelt dei neste hundreåra. I 1367 vart serbaren Thomas II Preljubović den nye overherren av Ioannina og etter han overgav byen seg til Isau Buandelmonti (1385-1411) og Carlo I Tokko (1411-1430).

Etter Tokko sin død i 1430 vart Ioannina ein del av Det osmanske riket, som gav byen mange privilegiar mot at dei overgav seg frivillig. Desse vart kjend som Reglane til Sinan Pasha etter pashaen som gav dei rettane.

I 1611 vart byen råka av eit kraftig tilbakeslag som følgje av eit bondeopprør leia av Filosofen Dionysios (óg kalla Skylosofos), biskop av Larissa. Opprøret enda med at alle privilegiane vart fjerna til kristne innbyggjarar, som vart driven bort frå borgområdet. Frå den tid busette tyrkarar og jødar i borgområdet.

Trass i tilbakeslaget kom byen seg på fote att. Innbyggjarane haldt fram med handelen sin og handverket sitt, som tok dei til stader som Venezia og Livorno, der kjøpmenn frå Ioannina oppretta marked og bankar.

Den store velstanden byen etter kvart fekk vart etterfulgt av stor kulturell aktivitet. På 1600- og 1700-talet vart det grunnlagd mange viktige skular, som ok over den lange tradisjonen frå tida under Austromarriket.

I 1789 vart byen senter for området styrt av Ali Pasha, eit område som inkluderte heile det nordvestlege Hellas, Thessalia og ein del av Evvia og Peloponnes. Ali Pasha, ein av dei viktigaste grekarane på 1700-talet, men hadde albansk opphav. Han oppretthaldt diplomatiske forhold til dei viktigaste europeiske leiarane og hoffet hans trakk til seg mange urolige sjeler som seinare vart viktige personar under den greske sjølvstendkrigen (Georgios Karaiskakis, Odysseas Androutsos, Markos Botsaris og andre). Perioden under hans styre vert rekna som høgdepunktet i byen si historie. Ali Pasha ønska å bryte ut av Den høge porten, og i 1821 (året sjølvstende krigen braut ut) vart han dømd skuldig for landssvik og Ioannina vart omleira av tyrkiske troppar. To år seinare vart Ali Pasha avretta i kapellet på øya i innsjøen, der han haldt tilflukt medan han venta på å verte benåda av sultanen.

I 1869 vart ein stor del av Ioannina øydelagd av brann. Markedsplassen vart raskt bygd opp att av den tyske arkitekten Holz og med hjelp av Ahmet Rashim Pasha, den lokale guvernøren. Samfunna med folk frå Ioannina som levde utanlands hjalp til med finansieringa av gjenoppbygginga av kyrkjene i byen, skular og andre flotte bygningar.

21. februar 1913 vart Ioannina ein del av Hellas etter balkankrigane. Etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 og den påfølgjande folkeutvekslinga forsvann tyrkarane og byen fekk greske flyktningar frå Vesleasia. I 1943 deporterte nazistane jødane i byen og dei fleste vart drepen.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelde


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -