Interlaken
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Interlaken er ein by og ein kommune omtrent midt i Sveits, i kantonen Bern. Han er mellom dei mest populære sveitsiske stadene for turistar. Innbyggjartalet er på rundt 5 200.
Interlaken har fått namn etter den geografiske plasseringa mellom Brienzersjøen i aust og Thunersjøen i vest. Latin inter lacus tyder «mellom sjøar». Byen ligg på 570 meter over havet, og elva Aare renn gjennom han.
Tidlegare var Interlaken særleg viktig på grunn av eit augustinarkloster. Klosteret vart bygd i 1130 og stod fram til 1528.
Byen har to jernbanestasjonar. Stasjonen Interlaken Ost er eit av endepunkta til Jungfraubanen opp til Jungfraujoch.