See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Horten Ho 229 - Wikipedia

Horten Ho 229

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

eit Horten Ho 229 vert restaurert ved Smithsonian Institution.
eit Horten Ho 229 vert restaurert ved Smithsonian Institution.

Eit av dei mest eksepsjonelle og avanserte flya utvikla under 2. verdskrig, var Gotha GO 229. Flyet vart utvikla av Tyskland, og prosjektet blei starta i 1942 av Gothaer Waggon-fabrik. Flyet var ei flygande vengje,(mykje lik det moderne B2) det fyrste i sitt slag i verda. Det hadde nokre av dei beste eigenskapane på fly til da innanfor fart og stigning. Den fyrste prototypen (HO IX V1) blei bygd som eit glidefly, grunna at jetmotorane frå BMW ikkje passa, og vart testflygd tidleg på sumaren i 1944. HO IX V2 vart bygd med dei nye jetmotorane, 2 Jumo 004B-1 turbojetar med 1890 lb skuvekraft. Testflyginga gav eit resultat på 800 km/t, men etter 2 timar tok ein av motorane fyr (tyskarane hadde ofte problemar med brann i jetmotorane i jetfly under krigen) og flyet blei fullstendig øydelagt etter ein krasjlanding med berre ein motor på Oranienburg flyplass. Dei byrja samtidig med den fyrste serieproduksjonen på 20 utgåvar av flyet, men prosjektet vart avslutta då amerikanske styrkar okkuperte fabrikken.

[endre] Spesifikasjonar

Type: einseter jagar-bombar.
Motor: to Junkers Jumo 004C aksial-straumnings turbojetmotorar på 2200lb skuvekraft kvar.
Utrustning: 4 30mm MK 103 maskinkanonar, og to bombar på 1100 kg.
prestasjonar: maks fart ca 950 km/t ved havnivå, ca. 1030 km/t i 7000 meters høgde, maks marsjfart ca. 895 km/t, klatring 4300 fot i minuttet, maks flugehøgde 17000 meter, normal rekkjevidde ca. 1900 km, maksimal rekkjevidde (med ein motor avslegen) ca. 4000 km.
Vekt og dimensjonar maks vekt:18700 lb, vengjespenn ca. 18m , lengde ca. 8,2 m ,høgde ca. 3,1 m, vengjeoverflate 540.348 kvadratfot.

[endre] Kjelde

Sie 117-118 i "War planes of the second world war", FIGHTERS volume one, skrivi av William Green, trykkja i 1960.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -