Hopperstad stavkyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopperstad stavkyrkje er ei kyrkje som ligg i utkanten av Vikøyri i Sogn. Kyrkja er mest truleg frå dei siste tiåra av 1100-talet og er ei treskipa søylestavkyrkje med 16 stavar. Kyrkja vart kjøpt av Fortidsminneforeininga i 1884 og med det berga frå den tiltenkte nedrivinga. I åra etter vart ho ført attende til middelalderutsjånad med støtte i Borgund stavkyrkje av arkitekt Peter Blix.
[endre] Lenkjer ut
- Om Hopperstad stavkyrkje hjå Stavkirke.org.
- Om Hopperstad stavkyrkje hjå Fortidsminneforeininga.
- Fortidsminneforeininga sine stavkyrkjesider.
[endre] Kjelder
- Eva Valebrokk og Thomas Thiis-Evensen: Levende fortid. De utrolige stavkirkene. – Boksenteret – ISBN 82-7683-024-2