Borgund stavkyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borgund stavkyrkje er ei stavkyrkje som ligg i Lærdal. Kyrkja vart bygd rundt år 1180 og er minst endra av dei norske stavkyrkjene sidan ho vart bygd. Kyrkja er såkalla langkyrkje og har drakehovud på gavlane, utskoren portal og svalgang.
Kyrkja skil seg frå dei fleste andre stavkyrkjene ved at indret ikkje er blitt særleg endra sidan reformasjonen. Bortsett frå preikestolen og altertavla er dekoren i Borgund, som den firkanta døypefonten i kleberstein, fortsatt som ho var i mellomalderen.
Staden kyrkja ligg på, har merke etter eit eldre bygg, som kan ha vore ei tidlegare kyrkje eller eit gammalt hov.