Hirsch Glik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hirsch Glik (fødd 1922 i Vilnius, som da var i Polen; død 1944 i Estland) var ein jiddischspråkleg diktar.
Hirsch Glik skreiv alt i tidleg i ungdomstida dikt. Etter at Hitler-Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen, vart Glik arrestert av tyskarane og ført til konsentrasjonsleiren Waisse Wake og sidan til ghettoen i Vilnius. Der slutta han seg til partisanrørsla, og tok i 1942 del i ein oppstand i ghettoen. Han skreiv òg heile tida dikt og songtekstar, mellom dei den namngjetne partisansongen på jiddisch Zóg nit kein mól, og Shtil, di nakht iz oysgeshternt.
Glik skal ha vorte teken til fange av tyskarane i 1944 og ført til ein konsentrasjonsleir i Estland. Han skal så ha greidd å rømme frå leiren og ut i skogane, men skal så ha falle kort tid seinare i kamp mot tyske styrkar.
[endre] Litteratur
- Lutz van Dijk: Der Partisan. Med eit etterord av Esther Bejarano «Poesie als Waffe»? Førsteutgåva frå Alibaba Verlag, Frankfurt/M 1991: C. Bertelsmann Jugendbuchverlag, nytt opplag utgitt i München 2002. ISBN 3570300498
[endre] Kjelde
Den tysk-språklege wikipediaen.