Hestmannen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hestmannen er ein fjellformasjon på øya Hestmona, og er delt mellom kommunane Lurøy og Rødøy i Nordland. På det høgaste er fjellet 571 moh.
Hestmannen er følgd av Ambota, eit mindre fjell som ligg på same øya. Hestmannen er i lag med Dønnmannen, Leka, Torghatten og Sju søstre kjend frå segnet om dei nordnorske trollfjella.