Dønnmannen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dønnmannen | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 858 moh | |
Ligg i/på | Dønna (Nordland) | |
Fjellkjede | Helgelandskysten | |
Primærfaktor | 858 m |
Dønnmannen er ein 858 meter høg fjelltopp på Dønna på Helgeland. Den norske turistforening har merka sti opp til toppen både frå innersida og yttersida. Frå innersida er stien merka frå parkeringsplass ved Teigstad, frå yttersida er stien merka frå Breivika og Hagen. Stien er bratt, særleg mot slutten.
Dønnmannen har fått namnet sitt fordi toppen av fjellet har ein profil som kan minne om profilen til ein mann som ligg på rygg. Tidlegare vart fjellet òg kalt Teigstadnavaren, toppen er spiss og kan minne om ein navar.