See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Hans Jonas - Wikipedia

Hans Jonas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hans Jonas (10. mai 19035. februar 1993) var ein tysk-jødisk filosof og etikar. Han har påverka miljø-filosofar som Murray Bookchin.

[endre] Livssoge

Jonas vart fødd i Mönchengladbach den 10. mai 1903. Han studerte filosofi og teologi i Freiburg, Berlin, Heidelberg, og fekk til slutt doktorgrad ved Marburg der han studerte under Martin Heidegger og Rudolf Bultmann. I Marburg trefte han Hannah Arendt som også var doktorand der, og dei to blei vennar for livet.

I 1933 blei Heidegger medlem av det tyske nazistpartiet, noko Jonas tok som eit personleg svik. Han forlét Tyskland det same året då Det Tyske Blindelaget viste bort alle dei jødiske medlemma sine. Han drog til England og derifrå til Palestina i 1934. Der trefte han Lore Weiner, som han blei trulova med. I 1940 kom han tilbake til Europa for å bli med i den britiske hæren, som hadde laga ein spesiell brigade for tyske jødar som ville slåst mot Hitler. Han blei sendt til Italia, men han fann likevel tid til å skriva fleire brev til Lore som inneheldt ei blanding av filosofi og kjærleik. Dei to gifta seg i 1943.

Etter krigen drog han tilbake til Mönchengladbach for å leita etter mor si, men fann ut at ho hadde blitt sendt til gaskammera i Auschwitz. Han drog tilbake til Palestina og deltok i Israel sin krig mot dei arabiske statane i 1948. I 1950 reiste han til Canada og i 1955 til New York der han budde resten av livet. Han døydde i New York den 5. februar 1993.

[endre] Lære

Jonas meinte at den moderne «teknologiske alderen» hadde skapa ei krise i den vestlege verda. Teknologi gjev mennesket meir makt «over materie, over alt som lever på jorda, og over mennesket sjølv.» Slik makt gjer oss meir fridom. Men me har brukt fridommen utan ansvar eller verdikjensle. Kvar av oss veit at gjerningene våre vil føra til veldig mange problem for menneske i framtida, til og med for andre folk i notida. Men dei fleste av oss driv på med slik framferd likevel, som om ingen andre og ingenting har "verd i seg sjølv". Det er, sa han, som om me som bur i den teknologiske alderen har spurd «Kvifor må me bry oss om framtida til dei fjerne etterkomarane våre, eller framtida til jorda vår?» og svara «Me har ingen grunn til å bry oss, iallfall ikkje grunn nok til å minska bruken av makta me har.»

Jonas hevda at det viste at tildriven som lét oss bruka teknologi utan å tenka på følgjene og tildriven som fekk vanlege folk til å bli nazistar var den same. Denne tildriven fantest fordi etikken vår var skapt i den greske tida, og ikkje kunne rekna med dei nye maktene menneske hadde no. Det var nødvendig å skapa ein ny etikk som kunne takla eit slikt problem. «Tidleg etikk trengde ikkje å tenka på den globale tilstanden eller den fjerne framtida og tilveret til mennesket,» sa Jonas, «men no er det veldig viktig.»

I sitt best kjente verk skapte Jonas denne etikken med hjelp av filosofi. Han tok Immanuel Kant sine kategoriske imperativ og skapa nye imperativ frå dei: «Handle slik at gjerningene dine samsvarar med det varige og ekte menneskelege livet», og «ikkje ska vilkåra som trengst for at mennesket kan vera til på jorda.» Dei siste åra av livet sitt søkte Jonas også til teologi for å skapa grunnar for etikken sin.

[endre] Bakgrunnsstoff


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -